Ungarsk er eit finsk-ugrisk språk. Det blir tala av om lag 13 millionar menneske. Av dei bur om lag 10 millionar i Ungarn. Det finst store ungarskspråklege minoritetar i nabolanda, mellom anna i Romania (om lag 1,2 millionar), Slovakia (om lag 500 000), Serbia (om lag 240 000) og Ukraina (om lag 150 000).
ungarsk
Slektskap
I lag med dei Ob-ugriske språka mansisk (mansi, vogulsk) og hantisk (hanti, ostjakisk) utgjer ungarsk den ugriske greina av den finsk-ugriske språkgruppa. Dei finsk-ugriske språka og dei samojediske språka utgjer til saman den uralske språkfamilien. Bakgrunnen for at ein kallar desse språka uralske, er hypotesen om at dei opphavleg blei snakka i nærleiken av Uralfjella.
Sjølv om det alt på 1600-talet var folk som føreslo ein slektskap mellom ungarsk, finsk og samisk, var det den ungarske jesuittpresten og språkforskaren Sajnovics János (1733–1785, utanfor Ungarn kjend som János Sajnovics) som beviste det, med fonologiske og morfologiske metodar som seinare fekk namnet historisk-komparativ språkvitskap. Resultata publiserte han i boka Demonstratio idioma ungarorum et lapponum idem esse (København 1770) 'Prov på at språket til ungararane og samane er det same'.
Her er ei samanlikning mellom nokre ungarske, nordsamiske og finske ord som er etymologisk i slekt med kvarandre. Dei urfinsk-ugriske rekonstruksjonane er i IPA-transkripsjon.
– | urfinsk-ugrisk | ungarsk | nordsamisk | finsk |
---|---|---|---|---|
'auge' | *ɕilmæ | szem | čalbmi | silmä |
'hand' | *kæte | kéz | giehta | käsi |
'fisk' | *kɑlɑ | hal | guolli | kala |
'pil' | *ɲɯɯle | nyíl | njuolla | nuoli |
'ny' | *wuðʲe | új | ođđa | uusi |
'ein' | *ikte | egy | okta | yksi |
'to' | *kæktæ | két, kettő | guokte | kaksi |
'tre' | *kolme | három | golbma | kolme |
'fire' | *ɲeljæ | négy | njeallje | neljä |
'fem' | *witte | öt | vihtta | viisi |
'seks' | *kutte | hat | guhtta | kuusi |
'hundre' | *ɕɑtɑ | száz | čuohti | sata |
Ungarsk nyelv 'tunge, språk' er etymologisk i slekt med nordsamisk njálbmi 'munn'; begge kjem av urfinsk-ugrisk *ɲælmæ.
Urfinsk-ugrisk *ɕɑtɑ 'hundre' er eit lånord frå eit eldre indoarisk språk. Det finst i alle finsk-ugriske språk, men ikkje i dei samojediske.
Ungarsk namneskikk
På ungarsk kjem familienamnet (etternamnet) føre personnamnet (førenamnet), som i desse eksempla:
- Nagy Imre
- Orbán Viktor
- Szabó Magda
- Gábor Zsazsa
- Bartók Béla
- Semmelweis Ignác Fülöp
På norsk kallar vi desse personane for Imre Nagy, Viktor Orbán, Magda Szabó, Zsa Zsa Gabor, Béla Bartók og Ignaz Semmelweis.
Namnet på språket og landet
På ungarsk heiter det ungarske språket magyar nyelv, ord for ord 'ungarsk språk'. Ungarn heiter Magyarország, som er samansett av magyar og ország, tyder bokstavleg «ungarar-land». På same vis heiter Noreg Norvégország på ungarsk.
Magyar kjem av gamalungarsk mogyeri, og blir nemnd av den bysantiske keisaren Konstantin 7 Porfyrogennetos (905–959) i forma Megérē (Μεγέρη). Leddet magy- i magyar blir rekna for å vere etymologisk i slekt med māńśi [maːnʲsʲi] (мāньси), ordet dei obugriske mansiane brukar om seg sjølve.
Dei norske orda ungarar og Ungarn har ingen etymologisk samanheng med magyar. Via tysk Ungar 'ungarar' og Ungarn 'Ungarn' kjem dei frå eit eldre slavisk *õg(ŭ)r-, som det er vanleg å knyte til tsjuvasjisk onogur, namnet på ei tyrkisk stamme eller eit tyrkisk stammesamband. Onogur kan analyserast som on 'ti' + ogur 'pil'.
Når engelsk Hungarian 'ungarar' og Hungary 'Ungarn' og fransk hongrois 'ungarsk' og Hongrie 'Ungarn' begynner med h, er det truleg fordi orda feilaktig er blanda i hop med engelsk/fransk Huns 'hunarar'.
Dialektar
Tradisjonelt har det ungarske språkområdet blitt delt i åtte dialektområde – vestlege, transdanubiske, sørlege, nordvestlege (palóc-dialektar), vestlege (Tisza-dialektar), nord-austlege, transylvanske (Mezőség) og austlege – med gradvise overgangar mellom områda. Dialektskilnadene er små, og standardspråket har hatt ein sterk påverknad på dialektane gjennom skuleverket.
Eit enkelt eksempel på dialektvariasjon er at det som blir skrive ly – som i ordet lyuk 'hol' – blir uttalt [j] i nokre dialektar, mellom anna i standard-dialekten, mens uttalen er [l] i andre dialektar og [ʎ] i atter andre.
Språkhistorie
Ein deler historia til det ungarske språket i fem periodar:
- ősmagyar kor, urungarsk periode, 1000 fvt.—896 evt.
- ómogayar kor, gamalungarsk periode, 896—1526
- középmagyar kor, mellomungarsk periode, 1526—1772
- újmagyar kor, nyungarsk periode, 1772—1920
- újabb magyar kor, nyare ungarsk periode, frå 1920
Urungarsk (1000 fvt.–896 evt.)
Ungararane kom til det området der dei no bur, på slutten av 800-talet. På eit tidspunkt skilde dei lag med talarane av dei Ob-ugriske språka, mansisk og hantisk, som no blir snakka ved elva Ob i Sibir. Når dette skjedde, kvar dei budde då dei skilde lag, og kvar nøyaktig dei tok vegen, er ikkje kjent. Det tradisjonelle synet er at ungarsk skilde lag med Ob-ugrisk i det siste tusenåret fvt, og det er sannsynleg at dei ugriske språka opphavleg alle blei tala rett vestanfor Uralfjella. På vegen til den noverande bustaden ved elva Donau (ungarsk Duna) tok ungararane opp ei mengd lånord frå tyrkiske språk som stod nær tsjuvasjisk.
Gamalungarsk (896–1526)
Den eldste bevarte teksten som inneheld ungarske ord, er Stiftingbrevet for abbediet i Tihany (1055). Brevet er stort sett skrive på latin, men inneheld fleire ungarske ord og uttrykk. Det lengste uttrykket er feheruuaru rea meneh hodu utu rea, som svarer til nyungarsk Fehérvárra menő hadi útra, 'på hærvegen til Fehérvár'. Den eldste bevarte samanhengande ungarske – og ugriske – teksten er Halotti beszéd és könyörgés 'Gravferdstale og bøn', datert til 1192–1195. Den eldste ungarske bibelomsetjinga er Huszita Biblia 'husitt-bibelen', dater til 1420–1430-talet.
Mellomungarsk (1526–1772)
I 1538 gav den protestantiske reformatoren Dévai Bíró Mátyás (som levde frå rundt 1500 til 1545, òg kjend som Matthias Dévai Bíró) ut Ortographica Hungarica, den første innføringa i ungarsk rettskriving. I 1539 gav reformatoren og grammatikaren Sylvester János (1504–1552, òg kjend som Erdősi János og János Sylvester) ut den første ungarske grammatikken, Grammatica Hungarolatina. I 1541 gav han ut ei omsetjing til ungarsk av Det nye testamentet, Új testamentum. Grunnlaget for det einskaplege ungarske skriftspråket var i første rekkje bibelomsetjinga til den protestantiske teologen Károlyi Gáspár (som levde frå rundt 1529 til 1592, også kjend som Gáspár Károlis) frå 1590.
Nyungarsk (1772–1920)
Denne perioden tek til samtidig med den ungarske opplysningstida og utgjevingsåret (1772) til dramaet Ágis tragédiája 'Tragedien til Ágis' av Bessenyei György (1747–1811). Det som framfor alt særmerkte den nyungarske perioden, var ei puristisk «magyarisering» av det ungarske språket. Det blei laga mange nyord til erstatning for lånord.
I 1827 blei Det ungarske vitskapsakademiet – Magyar Tudományos Akadémia – skipa. Eit sentralt mål med akademiet var arbeidet med det ungarske språket, og frå 1831 til 1874 gav det ut ni ordbøker, mellom anna A magyar helyesírás és szóragasztás szabályai 'Dei ungarske rettskrivings- og orddanningsreglane' (1831) og seksbandsverket A Magyar Nyelv Szótára 'Ordbok for det ungarske språket' (1862–1874).
Då Monarkiet Austerrike-Ungarn – Osztrák-Magyar Monarchia – blei etablert i 1867, fekk både ungarsk og tysk status som offisielle språk, i Austerrike attåt fleire andre språk.
Nyare (moderne) ungarsk (frå 1920)
Den nyare eller moderne ungarske perioden blir rekna frå Trianon-traktaten i 1920, då Austerrike-Ungarn formelt blei oppløyst og Ungarn fekk si noverande utbreiing, og det ungarske språkområdet blei delt mellom fleire land. Det karakteristiske for denne perioden er at det ungarske standardspråket spreidde seg sterkt. Dette gjekk ut over dialektane.
Grammatikk
Nomenfrasen
Dei fleste adledd står føre hovudet (eit substantiv) i nomenfrasen, medan relativsetningar står etter. Her er eit eksempel, som tyder 'den pene jenta som sat i rommet':
determinativ | adjektiv | substantiv | relativsetning |
---|---|---|---|
a | szép | lány | aki a szobában ült |
bunden artikkel | pen | jente | som sat i rommet |
Kasus
Ungarsk har om lag 20 kasus. Nominativ har ingen særskild markør, mens dei andre kasusa blir uttrykte med eigne suffiks. Nominativ, akkusativ og dativ er såkalla direkte eller strukturelle kasus (også kalla syntaktiske kasus), som uttrykkjer kva som er subjekt, direkte objekt og indirekte objekt, mens resten er inherente eller semantiske kasus, som viser at ein nomenfrase fungerer som adverbial – jamfør a szobában 'i rommet' i setninga rett ovanfor, der szobában er inessiv av szoba 'rom'.
Dei tre direkte kasusa er illustrerte i denne setninga, som tyder 'Miklós gav Kristóf ei bok'. Kasussuffiksa er skilde ut med ein bindestrek som ikkje blir brukt i vanleg rettskriving:
subjekt | direkte objekt | verbal | indirekte objekt |
---|---|---|---|
Miklós | könyv-et | adott | Kristóf-nak |
Miklós | bok-akkusativ | gav | Kristóf-dativ |
Dei fleste andre kasusa kan setjast om til norsk med ein preposisjon, jamfør denne setninga, som tyder 'Ho/han hogg veden med øks' (a er den bundne artikkelen):
adverbial | verbal | objekt |
---|---|---|
Baltá-val | vágta | a fá-t |
øks-instrumentalis | ho/han hogg | bunden artikkel ved-akkusativ |
Leddstilling i setninga
Som mange andre språk med mange kasus brukar ikkje ungarsk leddstillinga for å uttrykkje kva som er subjekt eller objekt, men for å uttrykkje informasjonsstrukturen i setninga, det vil seie slikt som tema og fokus. Temaet er det setninga handlar om, fokus er det som blir framheva.
I setninga Miklós könyvet adott Kristófnak lenger oppe er subjektet Miklós tema, som difor står fremst i setninga. Elles er det direkte objektet könyvet 'bok' fokus og står mellom temaet og verbalet. For å få fram desse nyansane kan vi setje om setninga til norsk med 'Miklós, han gav EI BOK til Kristóf (og ikkje til dømes eit slips)', det vi har framheva fokus med store bokstavar.
Ein kunne i staden ha sagt Kristófnak könyvet adott Miklós, der det indirekte objektet Kristófnak er tema, medan det direkte objektet könyvet 'bok' framleis er fokus. Setninga kan setjast om med 'Til Kristóf gav Miklós EI BOK'.
Verbet
Som i andre europeiske språk blir det ungarske verbet bøygt mellom anna i tempus, modus, tal og person. I tillegg kjem det fram i det ungarske verbet om objektet er ubunde (ubestemt) eller bunde (bestemt), som i desse eksempla, der olvasok 'eg les' blir brukt når objektet er ubunde og olavasom 'eg les' blir brukt når objektet er bunde:
- Olvasok egy könyvet 'Eg les (olvasok) ei (egy) bok (könyvet)'
- Olvasom a könyvet 'Eg les (olvasom) boka (a könyvet)'
Fonologi
Vokalar
Ungarsk har sju korte og sju lange vokalar, som vist i tabellen under. Den ortografiske forma står i kursiv, følgd av ein grov fonetisk IPA-transkripsjon.
fremre, urunda | fremre runda | bakre runda | fremre urunda | fremre runda | bakre runda |
---|---|---|---|---|---|
i [i] | ü [y] | u [u] | í [iː] | ű [yː] | ú [uː] |
e [ɛ] | ö [ø] | o [o] | é [eː] | ő [øː] | ó [oː] |
- | - | a [ɒ] | á [aː] | - | - |
Heilt perifert har ungarsk også ein kort [a], som i ordet passz [pass] 'pass (i kortspel)'.
Bokstavnamna for dei korte vokalane, i e ü ö u o a, blir uttalte som lange vokalar, men med kvaliteten til dei korte: [iː ɛː yː øː uː oː ɒː]. Her finst to uvanlege lange vokalar: [ɛː ɒː]. For å skilje dei korte og dei lange som bokstavnamn set ein adjektiva hosszú 'lang' og rövid 'kort' føre, til dømes hosszú ű [ˈhossuː yː] 'lang ű' og rövid ü [ˈrøvid yː] 'kort ü'.
Konsonantar
Ungarsk har dei 25 konsonantane i denne tabellen:
labial | alveolar | postalveolar | palatal | velar | glottal |
---|---|---|---|---|---|
p [p] | t [t] | - | - | k [k] | - |
b [b] | d [d] | - | - | g [ɡ] | - |
- | c [ʦ] | cs [ʧ] | ty [cɕ] | - | - |
- | dz [ʣ] | dzs [ʤ] | gy [ɟʑ] | - | - |
m [m] | n [n] | - | ny [ɲ] | - | - |
f [f] | sz [s] | s [ʃ] | - | - | h [h] |
v [v] | z [z] | zs [ʒ] | - | - | - |
- | l [l] | - | j/ly [j] | - | - |
- | r [r] | - | - | - | - |
Ungarsk brukar ein del bokstavar på ein relativt uvanleg måte, som når bokstaven s står for [ʃ] og digrafane sz og zs står for [s] og [ʒ].
I formelt språk kan ty og gy uttalast som plosivane [c] og [ɟ] i staden for affrikatane [cɕ] og [ɟʑ].
H blir uttalt som [h] føre vokal. Føre ein konsonant og i slutten av eit ord blir h uttalt som [ç] etter ein fremre vokal og som [x] mellom ein bakre vokal:
- hét [ˈheːt] 'sju'
- fehér [ˈfɛheːr] 'kvit'
- ihlet [ˈiçlɛt] 'inspirasjon'
- doh [ˈdox] 'mugglukt'
Alle konsonantane kan vere kort (enkle) og lange (doble). Dei lange (doble) blir skrivne med to bokstavar, som i hal [ˈhɒl] 'fisk' mot hall [ˈhɒll] 'hall'. Når ein konsonant blir skriven med ein digraf, blir berre den første bokstaven fordobla, som i ősz [ˈøːs] 'haust' mot össze [ˈøssɛ] 'saman', megy [ˈmɛɟʑ] 'ho/han går' mot meggy [ˈmɛɟɟʑ] 'kirsebær' og i mécs [ˈmeːʧ] 'nattlys' mot meccs [ˈmɛtʧ] 'match'.
Vokalharmoni
I ungarsk harmonerer vokalane i dei fleste suffiksa med vokalane i stamma etter spesielle prinsipp. Til dømes har inessiv-suffikset to variantar, -ban og -ben, mens allativ-suffikset har tre variantar, -hoz, -hez og -höz. Fordelinga er vist med nokre substantiv med den bundne artikkelen a – a ház 'huset', a kert 'hagen', a fül 'øyret':
- a házban 'i huset', a kertben 'i hagen', a fülben 'i øyret'
- a házhoz 'til huset', a kerthez 'til hagen', a fülhöz 'til øyret'
Hovudreglane kan formulerast slik:
- -ban blir brukt etter dei bakre vokalane u, ú, o, ó, a, á
- -ben blir brukt etter dei fremre vokalane i, í, e, é, ü, ű, ö, ő
- -hoz blir brukt etter dei bakre vokalane u, ú, o, ó, a, á
- -hez blir brukt etter dei fremre urunda vokalane i, í, e, é
- -höz blir brukt etter fremre runda vokalane ü, ű, ö, ő
Den lange vokalen á [aː] oppfører seg som ein bakre vokal, sjølv om han fonetisk er fremre.
Det finst ein del ord som ikkje følgjer desse reglane. Det gjeld mellom anna ord med både fremre og bakre vokalar. Til dømes heiter det a papírban 'i papiret' og a világban 'i verda', men októberben 'i oktober'. Dessutan finst det om lag 60 substantiv med vokalane i, í eller i nokre få tilfelle é som tek suffiksvariantane -ban og -hoz, til dømes nyílban 'i pila'. Grunnen er at dei på eit tidlegare historisk stadium hadde bakre vokal, jamfør urfinsk-ugrisk *ɲɯɯle 'pil'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.