Faktaboks

Språkkodar
fi, fin (FI, FIN)
ISO-639:3
fin

Finsk er eit språk som høyrer til den finsk-ugriske greina av dei uralske språka. Finsk er eitt av nasjonalspråka i Finland, saman med svensk (sjå finlandssvensk).

Innanfor den finsk-ugriske greina høyrer finsk til dei austersjøfinske språka, i lag med kvensk, tornedalsfinsk (meänkieli), ludisk, estisk, karelsk (i russisk Karelen), vepsisk, votisk, ingrisk og livisk. Dei fire sistnemnde språka er små og delvis utdøyande minoritetsspråk som blir snakka i Russland (vepsisk, ludisk og votisk) og Latvia (livisk). Dei austersjøfinske språka er nærskylde med dei samiske språka, ei anna grein av finsk-ugrisk.

Utbreiing

Finsk blir snakka av over 6,5 millionar menneske, hovudsakleg i Finland, men også av store finske emigrantgrupper i Sverige og Nord-Amerika.

Språket til kvenene, dei om lag 6000 etterkomarane av finske innvandrarar frå 1700-talet og seinare i Troms og Finnmark, blei tidlegare rekna som dialektar av finsk, men det fekk i 2005 status som eit eige minoritetsspråk med namnet kvensk. Også i Sør-Noreg fanst det finske innvandrarar på Finnskogane, men det finske språket der er utdøytt.

Dei finske dialektane i Tornedalen fekk i 2002 status som eit eige minoritetsspråk i Sverige, med namnet tornedalsfinsk eller meänkieli.

Språklege særdrag

Lydsystemet

Finsk har 8 korte vokalar, a, e, i, o, u, y, ä, ö, og 8 lange vokalar, aa, ee, ii, oo, uu, yy, ää, öö. Ser vi bort ifrå nyare lånord, finst det 12 korte konsonantar, p, t, k, d, s, h, v, j, l, r, m, n, og 9 lange konsonantar, pp, tt, kk, ss, ll, rr, mm, nn, ng [ŋŋ]. I lånord finn ein òg b, g, f og š [ʃ], som i bolševikki ‘bolsjevik’ og grafiitti ‘grafitt’. Konsonantane p, t og k blir uttala utan pustelyd (aspirasjon) som i fransk og forskjellig frå det vi finn i dei skandinaviske språka. Lange konsonantar finst aldri heilt fremst eller heilt i slutten på eit ord, og det same gjeld i stor grad for konsonantgrupper.

Følgjande døme viser korleis vokal- og konsonantlengd skil mellom ulike ord i finsk: tuli 'eld', tulli 'toll', tuuli 'vind'; tulla 'å kome', tuulla 'å blåse', Tuula (eit kvinnenamn); kansa 'folk', kanssa 'saman med'.

Trykket er i finsk alltid på første stavinga i eit ord.

Vokalharmoni

Ein skil mellom dei bakre vokalane a, aa, o, oo, u, uu, dei tilsvarande fremre vokalane y, yy, ä, ää, ö, öö og dei nøytrale vokalane e, ee, i, ii. Finsk har vokalharmoni, som inneber at bakre og fremre vokalar ikkje kan førekome i det same ordet – jamfør pouta ‘opphaldsvêr’ med berre bakre vokalar og pöytä ‘bord’ med berre fremre vokalar. Dei nøytrale vokalane kan kombinerast med både bakre og fremre vokalar, som i orda metso ‘tiur’ og metsä ‘skog’.

På grunn av vokalharmonien vekslar mange endingar mellom éi form med fremre vokalar og éi form med bakre vokalar alt etter som rota har fremre eller bakre vokalar. Av ordet talo 'hus' med bakre vokalar dannar ein formene talosta 'frå huset' og talossa 'i huset', medan av kylä 'bygd' som har fremre vokalar, er dei tilsvarande formene kylästä 'frå bygda' og kylässä 'i bygda'.

Stadieveksling

Dei fleste finske substantiva, adjektiva og verba har stadieveksling, som tyder at dei har to ulike stammeformer alt etter som ordet har ei ending som begynner med konsonant eller ikkje.

Her er nokre døme på vekslinga i substantiv, der vi kan samanlikne nominativsforma utan ending med genitivsforma med endinga -n: tukka 'hår' – tuka-n, maito 'mjølk' – maido-n, jalka 'fot' – jala-n. Stadieveksling er vanleg i austersjøfinske og samiske språk.

Substantivbøying

Finske substantiv skil mellom eintal (talo 'eit hus/huset') og fleirtal (talot 'hus/husa') og blir bøygde i 15 kasus. Dette kan illustrerast med nokre kasusformer av auto 'bil': akkusativ og genitiv auton 'bilen(s)', inessiv autossa 'i bilen', adessiv autolla '(opp) på bilen', elativ autosta 'ut av bilen', illativ autoon 'inn i bilen', ablativ autolta 'bort frå bilen' osb.

Eit spesielt og vanleg kasus er partitiv, som uttrykkjer ei ubunden (ubestemt) mengd. I følgjande setningar er maitoa partitiv av maito 'mjølk': Maito on kaapissa 'Mjølka er i skåpet', Kaapissa on maitoa 'Det er mjølk i skåpet'; Juon maidon 'Eg drikk mjølka', Juon maitoa 'Eg drikk mjølk'.

Eigedomstilhøve blir uttrykte ved endingar, til dømes autoni 'bilen min', autosi 'bilen din', automme 'bilen vår' osb.

Verbbøying

Verba i finsk blir bøygde i eintal og fleirtal, i første, andre og tredje person og i notid og fortid. Finske verb har inga eiga framtidsform.

Nekting blir uttrykt ved eit eige verb (en 'eg ikkje', et 'du ikkje' osv.), jamfør Tulen 'Eg kjem', Tulin 'Eg kom', Tulet 'Du kjem', En tule 'Eg kjem ikkje', Et tule 'Du kjem ikkje'.

Vidare har finsk eit rikt system av infinitivar og partisipp som svarar til leddsetningar og adleddsetningar i norsk og andre indoeuropeiske språk.

Ordstilling

Ordstillinga i finsk er nokså fri og blir mykje nytta til å uttrykkje tydingsnyansar, jamfør Auto on kadulla 'Bilen er i gata', Kadulla on auto 'Det er ein bil i gata'.

Ei rekkje partiklar som er karakteristiske for finsk kan også føyast til ulike ord i setninga. Til dømes blir ja/nei-spørsmål danna med spørjepartikkelen -ko eller -kö (valet er styrt av vokalharmonien): Onko Heikki koulussa? 'Er Heikki på skulen?', Heikkikö on koulussa? 'Er det Heikki som er på skulen?', Koulussako Heikki on? 'Er det på skulen Heikki er?'

Språkhistorie

Dei finske dialektane blir delte i to hovudgrupper – dei vestfinske og dei austfinske. Skiljet går på både lyd- og formlære og på skilnader i ordtilfanget.

Det finske skriftspråket oppstod på 1500-talet og var opphavleg basert på dei vestlege dialektane rundt Åbo / Turku (sjå Michael Olavi Agricola). Men etter 1800 kom stadig fleire austfinske drag inn i skriftspråket, særleg gjennom Elias Lönnrot si utgjeving av folkeeposet Kalevala, der materialet kom frå det austfinske dialektområdet. Det finske skriftspråket svarar difor ikkje til nokon særskild dialekt, men er ein samnemnar for dei finske dialektane.

På grunnlag av skriftspråket utvikla det seg også ei felles overdialektal talespråknorm som blei allment akseptert. Det er også forklaringa på at det praktisk talt ikkje er nokon skilnad mellom finsk standard talespråk og skriftspråket – rettskrivinga svarar heilt til uttalen.

Gjennom ein sterkt normerande språkpolitikk blei denne norma utvikla til eit rikt og fleksibelt litteratur- og administrasjonsspråk. I språkdyrkingsarbeidet la ein stor vekt på å utvikle ordtilfanget og unngå lånord. Likevel er ikkje finsk så reint for lånord som det ofte blir påstått. Mange vanlege finske ord er gamle lånord frå germanske og baltiske språk eller nyare lån frå svensk, til dømes ranta 'strand', tuoli 'stol', kaappi 'skap', katu 'gate', koulu 'skule' osb. Spesielt talespråket har mange svenske lånord, til dømes sänky 'seng', i staden for det finske ordet vuode.

Det daglege talespråket, spesielt i Helsingfors, avvik på fleire punkt sterkt frå standardspråket, mellom anna er eigedomsendingane forsvunne, pronomenet hän 'han, ho' er bytt ut med se 'det', og korte vokalar i slutten av ord fell bort – i staden for yksi 'ein', kaksi 'to' osb. seier ein yks og kaks. Dette siste fenomenet er også utbreitt i mange andre dialektar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg