Rosa Luxemburg var ein polsk-tysk revolusjonær politikar, som var ein leiarfigur på venstresida i den europeiske arbeidarrørsla på byrjinga av 1900-talet. Ho var med å grunnleggje Spartakusforbundet (spartakistane), den revolusjonære delen av Tysklands sosialdemokratiske parti. Spartakistene ville føre klassekamp mot det kapitalistiske samfunnet med sikte på ein sosialistisk revolusjon bygd på proletariatets diktatur.
Luxemburg vart ein av dei fremste politiske teoretikarane i si tid, med analysar av kapitalisme, imperialisme og revolusjonær strategi. For Luxemburg var det udiskutabelt at sosialismen må vere demokratisk. Ho meinte at dersom arbeidarklassa sluttar å ha noko å seie når den nye samfunnsordninga skal skapast, vert alt ved det gamle. Då er det berre dei styrande elitane som vert skifta ut. Ho var blant dei første til å kritisere dei russiske revolusjonære for å slå inn på ein antidemokratisk veg. Eit anna prinsipp ho arbeidde for, er at revolusjonen må vere internasjonal, for opprøret er retta mot den kapitalistiske utbyttinga, som i sitt vesen er grenselaus. Difor åtvara ho mot nasjonalistiske straumdrag i både det polske og det tyske arbeidarpartiet.
Frå 1898 budde ho i Berlin. I SPD, det sosialdemokratiske partiet i Tyskland, markerte ho seg som den tydelegaste stemma på venstrefløya og kjempa mot tysk militæropprusting. Då sosialdemokratane sa ja til tysk deltaking i verdskrigen i 1914, melde ho seg ut av partiet. Saman med andre venstresosialistar danna ho det radikale Spartakusforbundet i 1916 og det tyske kommunistpartiet i 1918.
Etter Tysklands nederlag i første verdskrigen i 1918 braut det ut revolusjonære oppstandar i mange tyske byar. I Berlin agiterte Luxemburg for streikar og demonstrasjonar, og i nokre veker var Berlin under kontroll av revolusjonære arbeidarar. Dei vart møtte med væpna motstand, med uklar binding til SPD og styresmaktene. Luxemburg vart jaga og forfølgd, og 15. januar 1919 vart ho drepen på open gate av politiske motstandarar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.