Urnordisk er eit nordisk språk som vi kjenner frå innskrifter med runer frå rundt 200–700 evt. Urnordisk er det eldste språket vi kjenner i Noreg, Sverige og Danmark.
Dei urnordiske runeinnskriftene er skrivne i den eldre runerekkja, og dei eldste innskriftene kan kanskje daterast så langt tilbake som før 200 evt. Nokre urnordiske ord er dessutan lånte inn i samisk og i finsk, som til dømes kuningas (konge, urnordisk kuningaR).
Dei urnordiske orda er nokså lange samanlikna med moderne nordiske språk. Det kjem hovudsakleg av dei såkalla stammevokalane, vokalar som tilhøyrde ordstammen, men som seinare fall bort: laukaR, lauk; horna, horn; satido, sette.
Kjennskapen til urnordisk har vore av stor vitskapleg betydning. Dette språket har også kasta lys over historia til og utviklinga av andre germanske språk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.