Så byrjar visjonane om framtida og dei siste tidene. Drapet på Balder set for alvor hjula i gang mot Ragnarok, der all moral og alt samhald går i oppløysing og verda går under i ein fæl kamp mellom godt og vondt. Fenrisulven kjem seg laus og drep Odin, og Midgardsormen drep Tor. Sola blir svart, og jorda søkk i havet.
Men etter at verda er øydelagt, ser Volva ein ny gullalder. Jorda kjem opp frå havet igjen, og i poetiske lag fortel ho at «fossar fell, og ørna flyg over den som fangar fisk i fjellet». Dei gudane som er att, finn gullbrikkene i graset igjen. Balder kjem tilbake frå Hel, og på Gimle «skal sviklause slekter bu og i all æve ynde eiga» (Knut Ødegaards omsetjing).
Éin versjon av diktet har ei halvstrofe som ikkje finst i andre kjelder, som den nest siste strofa:
Þá kemr hinn ríki / at regindómi, / ǫflugr ofan, / sá er ǫllu ræðr. («Då kjem den mektige til makta, med stor kraft ovanfrå, han som rår over alt.»)
Mange meiner at dette er eit kristent innskot, og at strofa er ein spådom om Kristi kome. Det er neppe slik; det er vanskeleg å sjå for seg at folk i høgmellomalderen meinte at Kristus kunne kome tilbake for å regjere saman med heidne gudar. Biletet, derimot, det at det kjem ein allmektig gud frå himmelen, kan vere eit «lån» frå kristendomen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.