Vesteraalens Avis blei skipa i 1892 av eit interessentskap, der mellom anna August Fosse, R. Rynning og Daniel Kildal var med. Avisa var då den einaste lokalavisa i Vesterålen fram til 1918. Først blei bladet trykt i Kabelvåg, men frå mai 1893 blei trykkinga flytta til Stokmarknes. Kildal og Fosse var dei første, men ikkje namngitte, redaktørane for avisa.
Frå 1905 til 1907 blei avisa redigert av Nanna With, dotter av hurtigrutepioneren Richard With. Ho var ein av dei første kvinnelege avisredaktørane i norsk presse. With blei seinare ein markant figur både i det nordnorske miljøet i Oslo, gjennom Nordlendingenes forening, og som aktiv i Norsk Yrkeskvinneforening, Norske Kvinners Sanitetsforening, Frisinnede Venstre (til 1927) og Oslo Kvinneparti. Ho redigerte også Sportsmanden i nokre år.
Ein seinare markant redaktør var Ludolf Hilberg Stavem (f. Sortland), karakterisert som ein «liberalt tenkende mand», «ofte til det yderste skarp i sin polemikk og paatale av folk og forhold». Bakgrunnen hans synte igjen i avisa sin profil. Han var aktiv styremedlem i fleire lokale verksemder og oppteken av å styrkje næringslivet i distriktet, særleg fiskerinæringa. Likeeins var avisa eit talerøyr for nordnorske næringsinteresser si sak sørpå. Arbeid for å knyte landsdelen til resten av landet og arbeid for turisme og reiseliv blei stadig fremja, og denne linja blei ført vidare også etter andre verdskrigen.
Avisa skulle ikkje «hævde noget bestemt politisk standpunkt» frå starten av, men var klart borgarleg, med tilknytning til Frisinnede Venstre før andre verdskrigen. I mellomkrigstida hadde ho dessutan ein klart antikommunistisk og antisovjetisk profil, og støtta til fascismen og nazismen i Italia og Tyskland var grunngitt i slike forhold. Med det ideologiske tankegodset til avisa følgde også ein del antisemittisme på den tida.
Vesteraalens Avis var tett knytt til Stokmarknes Aktietrykkeri, som selde avisrettane til Lofotposten i 1948. I 1951 blei rettane kjøpte attende, og fram til 1999 eigde trykkeriet mellom 30 og 50 prosent av avisa. «Verdensavisa», som ho heitte på folkemunne, kom ut i tabloidformat tidleg i 1950-åra. Sviktande og ujamne annonseinntekter, både i 1950- og 1960-åra, førte til at utgivingane mellom 1963 og 1971 blei reduserte frå tre til to nummer i veka. I 1987 blei trykkinga overført til Lofotposten, men det hjelpte lite i konkurransen med naboavisa på Sortland, Bladet Vesterålen, som i 1993 passerte 10 000 i opplag og arbeidde seg inn på Vesteraalens Avis sitt område frå sitt nyoppretta Stokmarknes-kontor. Redaktør frå 1975 var Margot Notø Vik.
Avisa gjekk inn i 2000-talet med eit netto opplag på 2885, men sidan har opplagstalet gått ned i takt med nettavisene sitt inntog. Med kommunikasjonsutvikling og endringar i den regionale mediemakta blei avisa frå 2008 trykt hos Harstad Tidende Gruppen (HTG) i Harstad. Vesteraalens Avis vart oppkjøpt av HTG i 2010. Gjennom dette eigarskapet blei avisa og ein del av Polaris Media.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.