Dante Alighieri var ein italiensk diktar. Han skreiv mellom anna Den guddommelege komedien, eit av dei viktigaste einskildverka i verdslitteraturen. Andre viktige arbeid er det første store diktverket hans, La Vita Nuova («Det nye livet»), og De Monarchia, eit kontroversielt, polemisk skrift som tok for seg forholdet mellom sekulær og geistleg makt.
Dante Alighieri
Faktaboks
Alighiero; døypt Durante di Alighiero degli Alighieri
- Uttale
- dˈante alighieri
- Fødd
- 1265, Firenze, Italia
- Død
- 14. september 1321, Ravenna, Italia
- Levetidskommentar
- fødd i mai eller juni 1265, døydde 13. eller 14.9.1321
Bakgrunn
Livet i Firenze
Dante Alighieri var fødd i Firenze i Italia og døydde i Ravenna. Dante voks opp i ein rimeleg velståande familie sentralt i Firenze, men vart foreldrelaus ein gong i tenåra. Ni år gamal trefte han Beatrice første gongen. Ho vart hans livslange, uoppfylte kjærleik. Som 11-åring vart han trulova med Gemma Donati, som han sidan gifta seg med, og som han fekk fleire born med. Ein veit elles lite om utdanninga hans, anna enn at han hadde stor appetitt på bøker og tidleg vart interessert i poesi og romersk litteratur.
Dante var trena i krigføring og kjempa i slaget ved Campaldino i 1289 mellom guelfarane og ghibellinarane, to familiar som kjempa om makta i området. Dei rådande guelfarane var delte i to fraksjonar, dei «svarte» og dei «kvite», og Dante høyrde til dei kvite. Rundt 1295 vart han involvert i det politiske livet i Firenze, der han steig i gradane. Høgdepunktet i den politiske karrieren hans var sumaren 1300, då han sat i øvsterådet i byen.
Tida i eksil
På denne tida blussa konflikten mellom dei kvite og dei svarte igjen opp i byen, og seks av fraksjonsleiarane vart bannlyste. Då denne avgjerda vart oppheva for dei kvite leiarane, vart pave Bonifatius 8. provosert, sidan han støtta dei svarte. I 1301 gav han ein fransk hær løyve til å gå inn i Italia. Ein delegasjon, der Dante var med, vart send til Roma for å overtale paven til å snu. Medan Dante vart halden att i Roma, gjekk hæren og dei svarte guelfarane inn i Firenze, og Dante vart bannlyst og sidan dømd til døden in absentia.
Dei siste nitten åra sine levde Dante i eksil. Dei første ti åra reiste han mykje i kring og budde mellom anna i Forlì, Arezzo, Padua, Venezia og Lucca, før han slo seg ned i Verona i 1312, og endeleg i Ravenna i 1319, der han døydde to år seinare.
Forfattarskapen
18 år gamal skreiv han dei første sonettane, som han sende rundt til dei framståande diktarane i byen. Slik vart han kjend med Guido Cavalcanti, som òg vart ein poetisk mentor for han. I diktsamlinga La Vita Nuova, samla rundt 1293, fortel Dante i dikt og prosa historia om den idealiserte kjærleiken til Beatrice, som hadde døydd i 1290, berre 24 år gamal.
Det første viktige eksilverket hans var De vulgari eloquentia («Om talekunst på folkemålet»), som vart eit avgjerande verk for å etablere den folkelege italiensken som eit fullverdig alternativ til latin. Her argumenterte han for ein idealisert italiensk høgstil, noko han i praksis går bort frå i Divina Commedia, som har ein svært brei og variert språkbruk. Sidan skreiv han den kontroversielle De Monarchia, der han hevda at keisaren ikkje trong støtte frå paven, men fekk makta si direkte frå Gud. Verket vart forbode av Vatikanet, eit forbod som stod ved lag heilt fram til 1900-talet.
Den guddommelege komedien
Det sentrale verket i forfattarskapen til Dante er Divina Commedia («Den guddommelege komedien»), som han arbeidde på frå om lag 1308 til rett før han døydde i 1321. Dei tre delane, Helvete, Skjærselden og Paradiset vart utgitt kvar for seg medan han levde og samla til eitt verk av sonen hans rett etter at Dante var død. Det uttrykksfulle språket, den imponerande poetiske forma og den fascinerande koplinga mellom teologi, historie og personlege forhold har sikra verket ein heilt sentral plass i litteraturhistoria.
Dante sitt hovudverk omfattar tre bøker på til saman 14 233 linjer. Det er skrive i tersinar («terza rima» på italiensk), ei verseform han sjølv skapte, med 11 stavingar på kvar linje, samanhengande grupper på tre og tre linjer, der den andre linja i éi gruppe rimar på første og tredje i den neste.
Handlinga i diktet følgjer Dante på ei vandring gjennom etterlivet, først blir han leidd av den romerske poeten Vergil gjennom helvetet og skjærselden, så av ungdomskjærleiken Beatrice, frå det jordiske paradiset heilt opp til visjonen av Gud i Paradis. På vegen skildrar han levande og detaljert dei avlidne han møter, og særleg skildringane frå helvetet har hatt enorm innverknad på seinare litteratur.
Språket i bøkene er eit fritt og variert toscansk språk, med innslag av ulike andre dialektar. I Italia var diktet så dominerande i tida etter Dante sin død at språkforma hans vart etablert som standardforma for italiensk skriftspråk. Dette gjer at omlag 80 prosent av Divina Commedia er forståeleg for italiensktalande i dag.
Dante på norsk
Det finst to norske omsetjingar av Den guddommelege komedien, éi i utdrag av Henrik Rytter og Sigmund Skard frå 1965 og éi fullstendig omsetjing av Magnus Ulleland frå 1996.
Fleire norske forfattarar har òg late seg inspirere direkte av Dante, mellom anna Gunnhild Øyehaug, som i slutten av Vente, blinke (2008) avslører at ei av «dei som har fortalt og vist veg», eigentleg er Dantes Beatrice. Hilde Lindset kalla den andre boka si Helvetesporten, etter Rodin sin skulptur, basert på Divina Commedia.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
- kronologisk oversikt over Dantes liv (italiensk)
- den italienske Dante-foreningen (italiensk)
- den tyske Dante-foreningen (tysk)
- den amerikanske Dante-foreningen (engelsk)
- verker av Dante i Project Gutenberg (diverse språk)
- Den guddommelige komedie i Magnus Ullelands oversettelse (Nasjonalbiblioteket)
Litteratur
- Dante Alighieri: The Divine Comedy, omsett til engelsk av Clive James. London 2013
- Nick Havely: Dante. Oxford 2007
- Rachel Jacoff (red.): The Cambridge Companion to Dante. Cambridge 2007
- Prue Shaw: Reading Dante. From Here to Eternity. New York / London 2014
- Bergin, Thomas G.: An approach to Dante, 1965
- Eriksen, Trond Berg: Reisen gjennom helvete: DantesInferno, 1993 (bibliografi: 445-52)
- Freccero, John: Dante : the poetics of conversion, 1986
- Hollander, Robert: Dante: a life in works, 2001
- Jacoff, Rachel, red.: The Cambridge companion to Dante, 1993
- Kaatmann, Christian & Ole Meyer, red.: Perspektiv på Dante: rapport fra Nordisk Dantenetværks seminar nr. 1 [...], 2001
- Klem, Lone: Eksistens og form, 1982 (kap. 1)
- Lagercrantz, Olof: Fra helvetet til paradiset: en bok om Dante og hans komedie, 2. utg., 1999
- Lansing, Richard, red.: Dante: the critical complex, 2003, 8 b.
- Tigerstedt, E.N.: Dante: tiden, mannen, verket, 1967
- Vestens store tenkere, 2002
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.