Lymfesystemet

Lymfesystemet. Skjematisk framstilling av lymfeårer og lymfeknutar. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Lymfesystemet er årenettet som fraktar lymfe rundt i kroppen. Lymfeårene dannar for det meste langmaska nett som dels ligg i huda, dels i djupna omkring dei større blodårene. Lymfeårene tømmer seg gjennom høgre og venstre lymfegang i dei store venene nær hjartet.

Lymfeårene

Lymfesystemet byrjar med lymfekapillara. Dei finst perifert i heile kroppen og byrjar «blindt» i vevet, i motsetnad til blodkapillara. Til liks med blodkapillara består lymfekapillara berre av eit endotelrøyr, men dei er gjerne vidare. Veggen er gjennomtrengjeleg for væsker og visse stoff, men også for bakteriar og celler.

Lymfekapillara går over i dei eigentlege lymfeårene (vasa lymphatica). Dei er bygde opp på same måte som blodårene og er utstyrte med klaffar (slik som venene i armane og beina) som fører lymfa i éi retning, med muskelrørsler som drivkraft. I kvar av lymfeårene finst éin eller fleire innskotne, bønneforma lymfeknutar (nodi lymphatici) som fungerer som eit biologisk «filter». I alt er det 600–700 slike i kroppen. Lymfeårene kan sameine seg til større karsystem. I kroppen (truncus) koplar lymfeårene seg til den store lymfegangen (ductus thoracicus) som følgjer hovudpulsåra (aorta) og er utvida nedst (sisterna chyli). Lymfegangen munnar ut i venstre halsarmvene (vena brachiocephalica).

Lymfatisk vev

Etter å ha passert lymfeknutane er lymfa rik på lymfocyttar (ein type kvite blodceller). I slimhinnene, spesielt i luftvegane og fordøyingskanalen, finst oppsamlingar av lymfatisk vev. Særleg kjende er tonsillane (mandlane) og slimhuda i blindtarmvedhenget. Også milten er eit lymfatisk organ.

Lymfeknutar

Lymfeknutane ligg ofte i grupper, der nokre er så vidt overflatiske at dei kan kjennast med handa (palperast) og undersøkjast for unormal forstørring. Det er vanleg å kjenne etter lymfeknutar på sida av halsen, i armhola og i lysken. Sidan kreftceller kan takast opp i lymfebanane og spreiast til andre organ og kroppsdelar, er det viktig å vite kva del av kroppen dei enkelte gruppene lymfeknutar drenerer. Det er til dømes viktig å undersøkje lymfeknutane i armhola ved brystundersøking av kvinner, sidan brystkreft er ei hyppig kreftform.

Også mange giftstoff, mellom anna hoggormgift, blir tekne opp frå huda gjennom lymfeårene. Bakteriar frå infiserte område kan òg førast gjennom lymfegangane og gi lokal betennelse (lymfangitt).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg