Kromatisk i fysikk
Utsjånad
Kromatisk i optikk er ein eigenskap når eit bilete blir danna ved hjelp av ei linse med fargespreiing. Biletet av ein flamme får ei blå eller raud rand, fordi brennvidda til linsa og forstørringa er ulike for dei ulike fargane. Denne kromatiske feilen, kalla kromatisk avvik eller kromatisk aberrasjon, kan opphevast ved å kitte saman ei samlelinse og ei spreielinse av ulike glassortar og med brennvidder valde slik at fargespreiinga i dei to linsene opphevar kvarandre, medan brytinga ikkje blir oppheva. Ei slik linse blir kalla akromatisk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «kromatisk – fysikk». Store norske leksikon.