Else-May Botten
Else-May Botten | |||
Botten under Trondheimskonferansen 2010 Foto: Jarle Vines | |||
Fødd | 16. august 1973 (51 år) Halsa kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Andre namn | Else-May Norderhus | ||
Far | Kolbjørn Botten | ||
Alle verv |
|
Else-May Botten (fødd 16. august 1973 i Halsa) er ein norsk politikar og stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet. Ho blei statsforvaltar i Møre og Romsdal i 2021.[1]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Botten er fødd og voks opp i Halsa, på Nordmøre, og er seinare busett i Molde i Romsdal. Ho er dotter av musikaren Kolbjørn Botten.[2] Botten har studert økonomi og leiing ved Høgskolen i Molde, Høgskolen i Vestfold og Universitetet i Bergen.
Ho har bakgrunn som sekretær i LO i Møre og Romsdal frå 1995. Ho var medlem av fylkestinget i Møre og Romsdal 2003–2007.
Ho var vararepresentant 2005–2009. I 2009 var ho Møre og Romsdal Arbeiderparti sin førstekandidat til Stortinget, og blei vald inn som fast representant ved 2009.
Botten blei utnemnd til statsforvalter i Møre og Romsdal i 2018.[3] Ho gjekk inn i stillinga 1. oktober 2021.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Kven er Statsforvaltar?». Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Henta 28. november 2021.
- ↑ «Biografi: Norderhus, Else-May». Stortinget (på norsk). 9. november 2021. Henta 28. november 2021.
- ↑ Trovåg, Einar Orten. «Tre nye fylkesmenn vart utnemnde i dag: – Uheldig om partifargen bestemmer». NRK. Henta 26. oktober 2018.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Else-May Botten» frå Wikipedia på bokmål, den 16. april 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]