Hopp til innhald

Arve Kambe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arve Kambe

Fødd25. november 1974 (50 år)
Haugesund kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
EktefelleBirgit Amalie Nilssen, Veronica Garcia Kambe
Alle verv

Arve Kambe (fødd 25. november 1974 i Haugesund) er ein norsk politikar frå Høgre. Han vart vald inn på Stortinget frå Rogaland i 2009. Han er cand.mag. med rettsvitskap grunnfag, mellomfag historie, mellomfag samanliknande politikk, og har fullført tre eksamenar i hovudfag samanliknande politikk. Han har jobba som marknadssjef i Trygge Barnehager.

Han var bystyremedlem i Haugesund kommune 1995–2009, formannskapsmedlem frå 2001, og gruppeleiar frå 2003. Han var også fylkestingsmedlem frå 1999 til 2003. Kambe var nestleiar i Unge Høgre frå 1998 til 2000. I 2009 var han Rogaland Høgres 3. kandidat til Stortinget, og vart vald inn saman med Bent Høie og Siri A. Meling.

Stortingskomitear

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]