Torild Wardenær
Utsjånad
Torild Wardenær | |
Torild Wardenær | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. november 1951 (73 år) Stavanger[1] |
Yrke | Forfattar |
Periode | 1994- |
Debut | I pionertiden |
Nettstad | torildwardenaer.no |
Torild Wardenær på Commons |
Torild Wardenær (fødd 30. november 1951 i Stavanger)[2] er ein norsk lyrikar og dramatikar.
Ho debuterte i 1994 med diktsamlinga I pionertiden og har sidan skrive sju diktsamlingar til.[3] I tillegg har ho gjendikta poesi av James Tate til norsk og skrive dramatikk.
Wardenær er utdanna allmennlærar og cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap, og ho gjekk årskurset ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 1993/94.[4] Ho arbeidde som adjunkt i grunnskulen i Stavanger frå 1982 til 1997.[5] Frå 1997 har ho vore forfattar på heiltid og i tillegg vore gjestelærar ved forfattarutdanningane ved Høgskulen i Telemark (Bø i Telemark) og Universitetet i Tromsø og ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.[5]
Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 1994 – I pionertiden – diktsamling
- 1995 – Null komma to lux – diktsamling
- 1997 – Houdini til minne – diktsamling
- 1998 – Døgndrift – diktsamling
- 2001 – Titanporten
- 2004 – Paradiseffekten – diktsamling
- 2007 – Psi – diktsamling
- 2011 – Mens Higgsbosonet gnager – diktsamling
- 2013 – Passord: kairos – diktsamling
Gjendikting
[endre | endre wikiteksten]- 2000 – James Tate: Gnomens liksvøp og andre dikt
Dramatikk
[endre | endre wikiteksten]- 1998 – Ikke et hvilket som helst intermesso, uroppført ved Rogaland Teater
- 1998 – Sebramannen, uroppført ved Norsk Dramatikkfestival
- 1999 – Drømme-Kasper, uroppført ved Teater Ibsen
- 1999 – IKEA, uroppført ved Rogaland Teater
Prisar og heider
[endre | endre wikiteksten]- 1994 – Aschehougs debutantpris
- 1997 – Herman Wildenveys Poesipris
- 1997 – Mads Wiel Nygaards legat
- 1998 – Halldis Moren Vesaas-prisen
- 2014 – Doblougprisen[6]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Steinar Sivertsen, Sylvelin Vatle, Finn Øglænd, red. (1999). «Forfattarane». Stemmer frå Rogaland. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 211. ISBN 82-521-5406-9.
- ↑ ««Torild Wardenær»». forfatterkatalogen.no. Henta 4. april 2012.
- ↑ ««Wardenær, Torid»». Nettstaden til Aschehoug & co. Henta 4. april 2012.
- ↑ ««Tidlegare studentar»». Nettstaden til Skrivekunstakademiet i Hordaland. Henta 4. april 2012.
- ↑ 5,0 5,1 ««Torild Wardenær Curriculum Vitae»». torildwardenaer.no. Henta 4. april 2012.
- ↑ «Doblougska priset» (på svensk). Svenska Akademien. 20. mai 2014. Henta 7. september 2017.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nettstaden til Torild Wardenær
- Digitaliserte bøker av Torild Wardenær hjå Nasjonalbiblioteket
- Øystein Rottem (1998). «Poeter i prosatid : Uklare linjer». Norges litteraturhistorie : Vår egen tid : 1980-1998. Oslo: Cappelen. s. 750-751. ISBN 82-02-16426-5.
- Utgjevingar av Torild Wardenær i BIBSYS Ask[daud lenkje]