Hopp til innhald

Adjunkt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Adjunkt er ein lærar eller førskulelærar i det norske skulesystemet som har teke eksamen av ein lågare grad frå universitet eller høgskule med praktisk-pedagogisk påbygging. Ein kan òg oppnåa adjunktstatus med treårig lærar- eller førskolelærarutdanning og minst eitt års godkjend tilleggsutdanning frå høgskule eller universitet, eller anna likeverdig utdanning med pedagogisk påbygging. Etter at ålmenlærarutdanninga vart 4-årig er alle ålmenlærarar adjunktar.

Med fem års utdanning kvalifiserer ein til stilling som adjunkt med tilleggsutdanning (tidlegare adjunkt med opprykk), som er ei stillingsnemning for lærarar i det norske skulesystemet som har fem års utdanning på til universitets- eller høgskulenivå.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]