Teater Ibsen
Utsjånad
Teater Ibsen | |||
Modell av nybygget til Teater Ibsen | |||
Skipa | 1975 | ||
---|---|---|---|
Land | Noreg |
Teater Ibsen er eit teater i Skien i Telemark fylke. Det blei skipa i 1975 under namnet Telemark Teater, men endra namnet til Teater Ibsen i 1991.
Fram til slutten av 2010 var Festiviteten i Skien fast spelestad, men i 2011 flytta det til meir funksjonelle teaterlokale i dei gamle industrilokala til Union på Klosterøya i Skien.[1] I november 2020 fekk Teater Ibsen løyvd 3 millionar kroner frå Kulturdepartementet slik at ein kunne bygga ny prøvesal.[2]
Teateret er eit aksjeselskap med Vestfold fylkeskommune, Telemark fylkeskommune og Skien kommune som eigarar.
1. januar 2013 flytta Ibsen Awards inn i kontorlokala til teateret og blei ein del av Teater Ibsen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Om Teater Ibsen». Arkivert frå originalen 27. november 2020. Henta 20. desember 2020.
- ↑ Hegle, Vendy Berg (25. november 2020). «Teateret får tre millioner til etterlengtet sal» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 12. juni 2021. Henta 20. desember 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Teater Ibsen» frå Wikipedia på bokmål, den 20. november 2022.