Hopp til innhald

Bø i Telemark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
tettstad
Breisås studentbustader i Bø i Telemark.
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Midt-Telemark
Areal 3,51 km²
Folketal 3 696  (2023)
Folketettleik 1 053 / km²
Postnummer 3800 BØ I TELEMARK
Innbyggjarnamn bøhering
Preposisjon i
Kart

59°24′47″N 9°04′10″E / 59.413°N 9.06930556°E / 59.413; 9.06930556
Wikimedia Commons: Bø, Midt-Telemark

eller Bøbyen er ein tettstad og kommunesenteret i Midt-Telemark kommune i Telemark fylke.

Tettstaden har 2 449 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg om lag 7,5 kilometer nordvest for tettstaden Gvarv og om lag 14 kilometer søraust for sørenden av Seljordsvatn. Busetnadene i Lia, Myrane og Sisjord går også inn i tettstaden Bø.

Bø har vakse fram som stasjonsby ved Sørlandsbanen. Jarnbanestrekninga (Oslo-)Nordagutu-Bø opna 1924, medan strekninga fram til Kristiansand vart ferdig først i 1938. Ved etableringa av Telemark distriktshøgskole i 1974 (frå 1994 ei avdeling av Høgskolen i Telemark) blei Bø òg ein skulestad. Konsert- og studenthuset Kroa i Bø og den årlege folkemusikkfestivalen Telemarkfestivalen har også gjort Bø til eit kultursentrum.

Massemedium

[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]
Folketalsutvikling i Bø
År Innbyggjarar
1946
  
316
1950
  
659
1960
  
836
1970
  
1 542
1980
  
2 018
1990
  
2 158
2000
  
2 277
2009
  
2 749
2012
  
2 982
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar

«Bø – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.