Smaragdpåfugl er ein stor hønsefugl i fasanfamilien og har naturleg utbreiing i Aust-Asia og Søraust-Asia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Pavo muticus
- Beskriven av
- (Carl von Linné, 1766)
Som vaksen er fuglen ca. éin meter lang, hannfuglar veg rundt 4,4 kilo og hofuglane rundt 2,4 kilo.
Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, tørr og fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog, tørr savanne og fuktig tropisk buskmark. Smaragdpåfugl lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fem egg som blir ruga ut i løpet av ca. 27 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av fire til fem år.
Smaragdpåfugl lever vanlegvis i rundt åtte år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.