Faktaboks

Også kjend som

livonisk

Uttale
lˈivisk
Språkkodar
liv (LIV)
ISO-639:3
liv

Livisk er eit nesten utdøydd språk som høyrer til den austersjøfinske språkgruppa i den finsk-ugriske greina av den uralske språkfamilien. Livisk er nært beslekta med finsk, karelsk og estisk og har vore snakka i Latvia langs kysten rundt Rigabukta, særleg på Kurlandhalvøya i sørvest.

Historie

På 1000-talet var livisk eit sterkt og utbreitt språk i landskapet Livland, men då området blei erobra av Den tyske ordenen og Sverdriddarordenen, begynte tilbakegangen for det liviske språket. Livarane gjekk gradvis over til å snakke det baltiske språket latvisk, som viser tydelege spor av livisk påverknad.

Livisk er òg sterkt påverka av latvisk, i ordtilfang (mange latviske lånord), fonologi og grammatikk.

Sist på 1800-talet fanst det enno kring 3000 talarar i tolv fiskarlandsbyar med desse liviske namna: Lūž, Pizā, Īra, Ūžkilā, Sīkrõg, Irē, Kuoštrõg, Pitrõg, Sǟnag, Vaid, Kūolka og Mustānum. I mellomkrigstida hadde dette talet blitt halvert, og som ei følgje av den andre verdskrigen og kollektiviseringa i Sovjetunionen har språket blitt nesten heilt borte. I Den latviske sosialistiske sovjetrepublikken hadde ikkje livarane status som ei etnisk gruppe.

I 1986 – under glasnost- og perestrojka-perioden til Mikhail Gorbatsjov – blei det skipa eit Livisk kulturselskap, som seinare fekk namnet Līvõd Īt 'Den liviske unionen'. Då Latvia blei ein sjølvstendig stat att i 1991, fekk livarane status som etnisk minoritet. I 1992 vedtok den latviske regjeringa å opprette eit verna kulturhistorisk livisk territorium – Līvõd rānda 'Den liviske kysten' – som omfatta dei nemnde tolv liviske fiskarlandsbyane. Det blir undervist i livisk i grunnskulane i Rīgõ (latvisk Rīga), Staitsõl (latvisk Staicele), Vǟnta (latvisk Ventspils), Dūoņig (latvisk Dundaga) og Kūolka (latvisk Kolka).

Fleire gonger etter år 2000 har det blitt hevda at den siste liviske morsmålstalaren har døydd, mellom anna i 2009 og 2013. I dag er det berre litt over 200 menneske i Latvia som reknar seg som livarar. Dei snakkar livisk som andrespråk, på ulike nivå. Revitalisering, utvikling og vern av det liviske språket er garantert ved latvisk lov.

Livisk, estisk og finsk

Likskapen mellom livisk og dei austersjøfinske systerspråka estisk og finsk synest godt når ein jamfører talorda frå 1 til 10 på desse tre språka:

Livisk Estisk Finsk
1 ikš üks yksi
2 kakš kaks kaksi
3 kuolm kolm kolme
4 nēļa neli neljä
5 vīž viis viisi
6 kūž kuus kuusi
7 seis seitse seitsemän
8 kōdõks kaheksa kahdeksan
9 īdõks üheksa ühdeksän
10 kim kümme kymmenen

Livisk ortografi og fonologi

Det liviske språket blir skrive med det latinske alfabetet, og rettskrivinga følgjer ortografiske prinsipp som er lånte frå latvisk – jamfør tabellen under.

Dei fremre runda vokalane ö, ȫ, y, ȳ står i parentes fordi dei gjekk av bruk på 1800-talet og blei erstatta av høvesvis e, ē, i, ī. Det er ein god del dialektvariasjon, særleg ved vokalane. Her er uttalen i den sentralliviske dialekten i landsbyen Irē.

Bokstav Uttale
a [ɑ]
ā [ɑː]
ä [æ]
ǟ [æː]
b [b]
d [d]
[dʲ]
e [e]
ē [eː]
f [f]
g [ɡ]
h [h]
i [i]
ī [iː]
j [j]
k [k]
l [l]
ļ [lʲ]
m [m]
n [n]
ņ [nʲ]
o [o]
ō [oː]
ȯ [ɤ]
ȱ [ɤː]
(ö) [ø]
(ȫ) [øː]
õ [ɯ]
ȭ [ɯː]
p [p]
r [r]
ŗ [rʲ]
s [s]
š [ʃ]
t [t]
ţ [tʲ]
u [u]
ū [uː]
v [v]
(y) [y]
(ȳ) [yː]
z [z]
ž [ʒ]

Som i andre austersjøfinske språk ligg trykket på den fyrste stavinga i ordet.

Eit interessant fonologisk fenomen i livisk er stød, det vil seie ein knirkestemme i den trykksterke stavinga, som kan skilje ord frå kvarandre. Til dømes har substantivet kallõ 'fisk' stød, men ikkje substantivet kallõ 'øy'. Stød kan berre finnast i ei trykksterk staving med ein lang vokal eller fleire stemde konsonantar etter ein kort vokal. Stød er best kjend frå dansk, men er – i tillegg til livisk – òg kjend frå dialektar av estisk, latvisk og litauisk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Tuisk, Tuuli. Main features of the Livonian sound system and pronunciation. Eesti ja Soome-Ugri Keeleteaduse Ajakirji 2016, 7–1: 121–143.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg