Sjølv om nokre fjærmygglarver lever på land eller i havet, finst dei fleste i ferskvatn. I ferskvatn spelar dei ei stor rolle som mat for fisk, i nedbryting av næringspartiklar til sediment og som mineraliserande faktor. Chironomus-larvene lever ofte i slam i djupare vasslag av innsjøar, kor dei kan utgjere rundt 75 prosent av alt dyreliv. Fleire artar kan leve inntil tre månadar i vatn som er nesten fritt for oksygen.
Alle larver av fjærmygg kan spinne silke. Mange lever i røyr dekt med små partiklar, andre byggjer røyr av kalk medan nokre skil ut stoff som løyser opp kalk. Dei kan difor skade demningar eller liknande. Fjærmygglarver har som gruppe ei vidare miljøtoleranse enn nokon annan insektfamilie; dei er funne i sjøar med saltinnhold opptil 28 prosent. På Island finst dei i varme kjelder med temperatur opptil 52 °C. Vidare har ein funne fjærmygglarver ned mot 30 meter djupn i havet så vel som høgt opp i Himalaya, og den einaste insektarten som lever på fastlandet i Antarktis er fjærmyggen Belgica antarctica.
Sjølv om fjærmygg som gruppe kan leve nesten overalt i fuktige miljø, er ofte miljøkrava til kvar einskild fjærmyggart særs spesifikke. Ein brukar difor fjærmygg ofte som bioindikator ved prøver av vasskvalitet, særleg for å måle organisk ureining. I paleoøkologisk og paleoklimatisk forsking brukar ein artssamansetnaden av fossile fjærmygglarver til å rekonstruere mellom anna temperaturar tilbake i tid.
Vaksne fjærmygg tek normalt ikkje til seg føde. Mange artar opptrer i store, dansande svermar i paringstida, ofte rundt høge punkt i terrenget eller høgtragande objekt. Sverminga kan ta nokre veker. Svermane kan òg tiltrekkast av lyd og lys.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.