Biotiske faktorar er alle dei levande organismane som finst i eit økosystem. Desse faktorane blir òg kalla levande faktorar. Biotisk står i motsetning til abiotisk, det som ikkje er eller ikkje har vore levande.
Faktaboks
- Uttale
- biˈotisk
Dei biotiske faktorane som påverkar ein organisme, omfatter blant anna:
- konkurranse (både innan arten og mellom ulike artar)
- predasjon
- tilgang på byttedyr
- mutualisme
I eit økosystem finst det ulike organismar, både dyr, plantar, sopp, bakteriar, protistar og arkar. Desse organismane kan påverke fødsels- og dødsratane til kvarandre og har elles mykje å seie for korleis leveforholda i eit økosystem er. Ei næringskjede illustrerer korleis mange artar både er avhengige og blir trua av andre organismar. Eit rådyr lever av å ete plantar som gras og lyng, medan det sjølv kan bli drepe av til dømes ei gaupe. Artar kan påverke kvarandre direkte, men òg indirekte: Sjølv om ei ørn ikkje et plantar, er ho avhengig av dei for å kunne få tak i nok byttedyr.
Dersom ein populasjon blir større enn det er livsgrunnlag for, kan det føre til overbeiting eller til ein kraftig reduksjon i andre populasjonar. Sjukdomar og parasittar som reveskabb spreier seg dessutan raskare i store populasjonar.
Medan mange artar utnyttar andre, har somme organismar gjensidig nytte av kvarandre. Eit døme på dette er humlene, som sankar nektar frå blomar og på denne måten bidreg til pollineringa. Dette blir kalla mutualisme. I daglegtale brukar vi gjerne ordet symbiose om eit slikt samarbeid, men symbiose er eigentleg eit omgrep som omfattar fleire typar samhandling mellom artar. Lopper i pelsen til dyr er eit døme på parasittisme, ei annan form for symbiose. Her syg ein organisme blod frå ein annan, til dømes ein hund. Dette kan plage hunden, men er ikkje direkte livstruande.
To artar kan òg påverke kvarandre gjennom konkurranse. Dersom to dyreartar har den same matkjelda, kan leveforholda bli vanskelegare for ein av artane, eller for begge. Gnagarar er til dømes ein viktig matressurs for både raudrev og mår. I år med få gnagarar kan det difor bli stor konkurranse mellom desse to rovdyra, noko som kan føre til at bestanden blir svekt hos ein av artane eller begge artane. Individ innanfor den same arten kan òg konkurrere med kvarandre. Konkurranse mellom artar blir kalla interspesifikk konkurranse, medan konkurranse mellom individ blir kalla intraspesifikk konkurranse.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.