Næringslivet i kommunen er framleis prega av jordbruk og skogbruk. Den gjennomsnittlege bruksstorleiken er den største i Gudbrandsdalen. Jordbruket har hovudvekt på eit fleirsidig husdyrhald. Der jorda er god nok, blir det drive jordbruk opp til skoggrensa.
Viktigaste industrigreiner er næringsmiddelindustri og møbelproduksjon. Ein del verksemder er basert på kunsthandverk. Reiselivet er ei næring i vekst. Det er nær 2000 hytter i kommunen, dei fleste på Gålå, som òg har kjende høgfjellshotell. DNT-hyttene Eldåbu og Skriurusten ligg i Sør-Fron.
Det er eit visst underskot på arbeidsplassar i kommunen, noko som resulterer i ei netto utpendling til andre kommunar på 475 personar (2023), svarande til ein tredel av dei sysselsette.
Sør-Fron er kommunen med sjuande størst vasskraftproduksjon i Innlandet, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Kommunen har eitt vasskraftverk, Harpefossen (i drift fra 1965), med ein årleg produksjon på 474 gigawattimer (gjennomsnitt 1993-2020). Kraftverket er eigd av Hafslund ECO Vannkraft.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.