Luster har mange monalege funn frå jernalder og vikingtida, mellom anna graver med rike funn og dessutan tufter etter eit 40 meter langt hus på Modvo i Hafslo.
Kommunen har fleire mellomalderkyrkjer. Mest kjend er Urnes stavkyrkje på austsida av Lustrafjorden, som blir rekna for den eldste stavkyrkja i landet. Kyrkja har delar frå 1000-talet og si noverande form frå 1100-talet, og er på UNESCO si liste over dei mest verneverdige minnesmerka i verda. Fortun stavkyrkje er flytta til Bergen (Fantoft stavkyrkje). Dale kyrkje er ei steinkyrkje frå 1200-talet.
Kommunen har stor turisttrafikk med fleire større hotell ved riksveg 55, særleg ved fjorden. Både Breheimen og Vest-Jotunheimen er blant landets mest brukte fotturområde. Det tidlegare sanatoriet, psykiatriske sjukehuset og asylmottaket Harastølen ligg ovanfor Luster på 500 meter over havet. Sidan midten av 1990-talet har både hovudbygningen og nabohusa på Harastølen stått tomme, men i 2018 var planane klare for renovering og ombygging til hotell. Krokenhuset på austsida av Lustrafjorden frå 1782 tilhøyrde målaren Gerhard Munthe og var eit senter for kunstnarar og forskarar på midten av 1800-talet. I dag er Krokenhuset kulturhus.
I 2008 vart Luster av Dagens Næringsliv kåra til den beste kommunen å bu i.
Sogn Avis dekkjer alle kommunane i Sogn og er den største avisa i kommunen. Avisa kom med det første nummeret i 1983, etter at avisene Sogningen/Sogns Avis og Sogn og Fjordane slo seg saman. Avisa har hovudkontor i Leikanger, kjem ut fem gonger kvar veke og er redigert på nynorsk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.