Ingolf Schanche
Hamlet blir plaga av handlingslamming og grubling over dei uhyrlegheitene han er pliktig til å hemne. Ingolf Schanche i ein oppsetning på Nationaltheatret i 1921.
Av /Norsk Folkemuseum.
Lisens: CCO 1.0

Hamlet. Tittelbladet til fyrsteutgåva av Shakespeares tragedie, London 1603.

.
Lisens: fri

Hamlet er ein tragedie skriven av William Shakespeare om lag 1599–1601. Det er Shakespeares lengste skodespel og antakeleg det mest kjende og innflytelsesrike i teaterhistoria. For ambisiøse skodespelarar er Hamlet den mest prestisjetunge rolla i film og teater. Stykket har mange einetalar der Hamlet filosoferar over livet og døden. Den mest kjende og oftast siterte einetala er den som byrjar «To be or not to be, that is the question».

Faktaboks

Uttale
hˈamlet
Forfattar

William Shakespeare

Handling

Hamlet går føre seg i og rundt Elsinore (Helsingør) i Danmark i ein mytisk mellomalder. Kongen, Hamlet den eldre, er død, og arveprinsen, Hamlet den yngre, mistenkjer at han kan ha blitt myrda av Claudius, bror av kongen og onkel til hovudpersonen. Claudius har dessutan gifta seg med enkja etter kongen, Gertrude, noko den yngre Hamlet ser på som eit svik.

Då venen til Hamlet, Horatio, varslar om at han har sett eit skrømt på borgmuren, og at han trur dette er faren hans, vekker dette den sorgtunge og apatiske Hamlet til handling. Han konfronterer skrømtet og får høyre at Claudius har drepe bror sin med gift. Skrømtet ber Hamlet ta hemn på Claudius, men når Hamlet ser Claudius be til Gud i kapellet, kjem han i tvil. Er det rett å drepe Claudius for hemn? Kva om han blir tilgjeven og hamnar i paradis? Denne tvilen blir starten på ei sjølvransaking som er blant litteraturhistorias mest kjende utforskingar av sjel, sinn, moral, galskap og samvit.

Hamlet er ein tragedie der nesten alle dei sentrale karakterane ligg døde når siste scene ender. Dei interne gnissingane i kongefamilien har ført til katastrofe og eit maktvakuum som den norske kongen Fortinbras («armsterk») veit å fylje når han i slutten av stykket gjer seg til ny konge av Danmark.

Hamlet, prinsen av Danmark, er ein lærd, sensitiv universitetsstudent og renessansehumanist fanga i ei brutal mellomalderverd, der ære, mot, handling og makt er dei rådande verdiane.

Hamlet har fleire allierte: Ofelia, dotter av hoffmannen Polonius, elskar han, og venen Horatio er nesten like dedikert. Når han arrangerer eit skodespel for hoffet og ber skodespelarane imitere drapet på faren, ser Hamlet på reaksjonen til Claudius at det ikkje finst tvil: Han har faktisk drepe faren til Hamlet og gifta seg med mora. Etter dette støyter Hamlet bort alle han kjenner, inkludert Ofelia, på bryskt vis. Han spelar gal så overtydande at sjølv publikum lurer på om han verkeleg har mista vitet.

Stykket er dominert av Hamlets berømte einetaler, der Shakespeare produserer nokon av litteraturhistorias mest slåande vakre, men også vanskelege og fleirtydige språklege bilete og metaforar. Einetalane handlar om metafysiske, moralske, filosofiske spørsmål knytte til liv og død, hemn og tilgjeving, rett og gale og om det finst eit liv etter døden. Den mest kjende og oftast siterte er den som byrjar «To be or not to be, that is the question». Eit av dei opne spørsmålet i stykka er om Hamlet spelar galen når han framfører denne talen, og om han veit at han blir spionert på av Claudius og Polonius.

Ein avgjerande augneblink i stykket er når Hamlet til slutt konfronterer mor si med at ho har gifta seg med broren til den avdøde ektemannen. Han høyrer nokon bak veggteppet og stikk han til døde. Spionen viser seg å vere Polonius, som er der på ordre frå kongen.

Til slutt blir Claudius så nervøs av Hamlet at han freistar å drepe han. Hamlet blir sendt bort i lag med to ambassadørar og eit brev til den engelske kongen om å ta livet av han. Hamlet finn brevet og sørger for at ambassadørane Rosencrantz og Guildenstern blir drepne i staden for.

Ofelia sjølv blir gal av dei sterke påkjenningane ho opplever når Hamlet avviser ho og skjeller ho ut før han drep faren hennar. Ho kastar seg i elva og druknar. Då Hamlet vender tilbake til Danmark, blir han konfrontert av Laertes, son av Polonius og bror av Ofelia, ved den opne grava hennar. Laertes utfordrar Hamlet til duell. For å vere sikker på at han ikkje skal overleve, forgiftar Claudius både sverdspissen til Laertes og vinen til Hamlet. Men Hamlet og Laertes byttar sverd undervegs i kampen så begge blir rispa med det forgifta sverdet, medan Gertrude tek feil staup og drikk gifta meint for Hamlet. Når han skjønner dette, drep Hamlet Claudius før han sjølv døyr, og «the rest is silence».

Inspirasjon

Hamlet har ei komplisert samansetting. Handlinga er basert på myter og legender frå mellomalderen, med røter i vikingtida. Den danske krønikeforfattaren Saxo Grammaticus skreiv ned den allereie eldgamle legenda om Amleth på 1100-talet, men det er mange ledd mellom denne versjonen og stykket til Shakespeare, som også lånar plottelement frå Shakespeares eiga tid.

Tema

Hamlet er eit særdeles meiningstungt stykke som har blitt tolka på mange ulike måtar. Romantikarane såg Hamlet som kroneksempelet på geniet i møte med det brutale og simple, medan han i det 20. hundreåret blei det fremste dømet i litteraturen på det psykologisk kompliserte moderne mennesket.

Hamlet er eit av fleire tilfelle av metateater hjå Shakespeare, det vil seie kunst som på eit vis handlar om seg sjølv. Dette kjem fram blant anna ved at Hamlet produserer eit teaterstykke – eit skodespel i skodespelet ved namn «The Mouse Trap» – som middel for å finne sanninga om drapet på faren.

Som så mange Shakespeare-stykke handlar Hamlet på eitt nivå om det ansvaret herskarar har for å leve gode, rettvise liv og slik styre landet på best mogleg vis, med indirekte relevans for Shakespeares eige England. På eit anna nivå handlar stykket om familien i krise. Hamlet har også ein sterk religiøs dimensjon, der mellomalderkatolisisme, synd, skjærseld og fortid blir sett opp mot reformasjon, humanisme og ny tid, utan at stykket på nokon klar måte tek side.

Mest av alt handlar kanskje stykket om identitet. Både sjølve skodespelet, faren og sonen har same namn. Hamlet spør oss kven Hamlet eigentleg er, korleis identitetar blir til og er i endring, og korleis vi blir forma av dei menneska vi har rundt oss.

Språkleg og tematisk utgjer denne tragedien ein diskurs av ulike verdsbilete, personlegdomar, tankemåtar og handlingsmønster. Det er eit av dei beste eksempla på at Shakespeare held «a mirror up to nature» (eit uttrykk som kjem frå nett dette stykket), slik at publikum og lesarar kan gjere seg opp ei eiga meining om det dei ser i denne spegelen.

Tolkingar og versjonar

Scenetolkingar

For ambisiøse skodespelarar er Hamlet den mest prestisjetunge rolla i film og teater. Både menn og kvinner, unge og gamle har spelt Hamlet, på film, på teaterscenen, i mange ulike adaptasjonar og verk inspirerte av Hamlet (til dømes Withnail and I). Det er Shakespeares mest grenselause og repeterte skodespel, kanskje fordi det ikkje finst nokon tolking som kan gi svar på alle dei spørsmåla stykket stiller.

Lista over Hamletar er lang. Den første var Richard Burbage, ven av Shakespeare og stjerna i teaterkompaniet hans. Seinare har blant andre David Garrick og Henry Irving utmerkt seg. Hamlet blir ofte spelt av kvinner, blant andre Sarah Bernhardt. I nyare tid har Laurence Olivier, David Tennant og Maxine Peake vore blant dei mest kjende.

Billedkunst

Innflytelsen til Hamlet verkar på mange nivå, for eksempel på den måten at stykket ofte er modell, referansepunkt eller mål for parodi. Blant anna er stykket eit mykje brukt motiv i malarkunsten, til dømes i John Everett Millais' Ophelia (1851). Elles finst det eit utal vitseteikningar, illustrasjonar og memar som på ein eller annan måte siterer Hamlet visuelt eller skriftleg.

Filmversjonar

Det finst fleire viktige versjonar av Hamlet på film. Danske Asta Nielsen spelte Hamlet i ein omtykt stumfilmversjon frå 1920. Laurence Oliviers Hamlet frå 1948 vann Oscar for beste film. Olivier hadde tittelrolla, og Jean Simmons spelte Ofelia. Grigorij Kosintsevs lagde ei sovjetrussisk filmatisering i 1964 med musikk av Dmitrij Sjostakovitsj. Kenneth Branagh's film på over fire timar frå 1996, med han sjølv i hovudrolla, er ein av få som inkluderer ein komplett tekst.

Disneys Løvenes Konge (1994) er basert på Hamlet, og det same gjeld skodespelet Rozenkranz and Guildenstern are Dead (1966, filmatisert i 1990) av Tom Stoppard, og den svært kritikarroste Haider (India, 2014) regissert av Vishal Bhardwaj. The Northman (2022) baserer seg på same norrøne legende som Hamlet.

Musikk

Fleire komponistar har laga røynde musikkverk inspirert av Shakespeares skodespel. Blant operaene er Hamlet av Ambroise Thomas best kjend. I fremste rekke blant komponistane av scenemusikk til Hamlet står Dmitrij Sjostakovitsj og Arthur Honegger, mens Boris Blacher har skrive ballettmusikk og William Walton filmmusikk til skodespelet. Sjølvstendige orkesterkomposisjonar til Hamlet er skrivne av Pjotr Tsjajkovskij (ouverture), mens Franz Liszt og Hjalmar Borgstrøm har skrive symfoniske dikt.

Tekstgrunnlag og omsetjingar

Moderne trykte utgåver og omsetjingar av Hamlet er baserte på eit utfordrande tekstgrunnlag. Det kom ulike utgåver i 1603, 1604 og 1623.

Stykket kom først ut i 1603 eit lite, billig format kalla ein quarto, eller kvarteutgåve. Denne kjelda blir blir vist til som Q1. Teksten er svært ulik den versjonen dei fleste kjenner. For eksempel lyder Hamlets einetale, «To be or not to be, Ay there’s the point».

Den neste ugåva blei publisert i 1604 og blir vist til som Q2. Denne andre utgåva blir rekna som ein eldre og meir korrekt versjon enn den som blei publisert først.

I 1623 kom Shakespeares samla verk i ei luksusutgåve, kalla folioutgåva (the First Folio). Hamlet i folioutgåva er meir lik Q2, men det er fleire skilnader mellom dei. I tillegg til mange ulikskapar i ordval og teiknsetjing er rekkefølga på ein del hendingar forskjellig i dei to tekstane, og det er ikkje alltid openbart for ein redaktør kva som er den «beste» teksten.

Den nyaste Arden Shakespeare-utgåva frå 2006 inneheld alle tre tekstane.

Omsetjingar

Hamlet har blitt omsett til bokmål og nynorsk. Viktige omsetjingar er mellom andre

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Geoffrey Bullough. Narrative and Dramatic Sources of Shakespeare Vol. 7. Major Tragedies. Routledge, 1973.
  • Emma Smith. This is Shakespeare. Pelican, 2019
  • Ann Thompson og Neil Taylor (red.). Hamlet av William Shakespeare. Arden-Methuen, 2006.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg