Dombås er ein tettstad i Dovre kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,6 km², og har 1145 innbyggjarar (2023).
Tettstaden ligg 210 kilometer sør for Trondheim, 659 meter over havet. Dombås er eige sokn i Dovre kommune. Det utgjer den nordre delen av kommunen.
Raumabanen til Åndalsnes tek av frå Dovrebanen på Dombås. E6 går parallelt med Dovrebanen og E136 med Raumabanen. Som trafikknutepunkt har Dombås blitt eit handelssentrum for dei øvste bygdene i Gudbrandsdalen og eit turistsentrum med fleire hotell. Dombås hotell, eit stort trehotell frå 1917, teikna av Arnstein Arneberg, brann ned i 2007. Eit nytt hotellbygg opna i 2014. I tillegg til allsidig tenesteyting har Dombås noko trevare- og møbelindustri og fabrikk for kjøkkeninnreiing. Heimevernet har skule her. Avisa Vigga kjem ut på Dombås.
Under kampane i 1940 vart Dombås bomba fleire gonger. Ein av bygningane som vart treft og totalskadd var stasjonsbygningen, også denne var teikna av Arnstein Arneberg. Dagens stasjonsbygning er teikna ved NSBs arkitektkontor. Dombås kyrkje er ei krosskyrkje i lokal sandstein frå 1939, teikna av Magnus Poulsson.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.