Bjarkøyætta var ei norsk stormannsætt i vikingtida og mellomalderen, opphavleg frå Bjarkøya i noverande Harstad kommune. Namnet Bjarkøy stammar frå den svenske byen Birka, som hadde vorte einstydande med «handelsstad».
På Bjarkøya er det funne ringtun frå år 200 evt., det nordlegaste tunanlegget i verda. Bjarkøy var kjernen i handelen nordover, og Bjarkøyætta var den mektigaste nordnorske slekta i vikingtida. Etter kvart fekk slekta òg store gods lenger sør i landet. Då kongeslekta i Noreg døydde ut på 1300-talet, vart Erling Vidkunsson av Bjarkøy norsk riksstyrar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.