Hopp til innhald

William Daniel Phillips

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William Daniel Phillips

Fødd5. november 1948 (75 år)
Wilkes-Barre i Luzerne County i Pennsylvania
NasjonalitetAmerikansk
Områdefysikk
Yrkefysikar, akademikar, universitetslærar
InstitusjonarNational Institute of Standards and Technology
University of Maryland
Catholic University of America
University of Queensland
Washington University School of Medicine
Alma materMIT
Juniata College
Kjend forLaserkjøling
MedlemNational Academy of Sciences
Det pavelege vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
American Physical Society
International Society for Science and Religion
ReligionMetodisme

William Daniel Phillips (fødd 5. november 1948 ) er ein amerikansk fysikar av italiensk og walisisk opphav. Phillips vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1997, saman med Steven Chu og Claude Cohen-Tannoudji, «for utviklinga av metodar for å kjøle og fange atom med laserlys».

Phillips tok doktorgrad i fysikk ved Massachusetts Institute of Technology i Cambridge, i 1976 med ein avhandling om magnetisk moment i proton i H2O. seinare utførte han arbeid med Bose-Einstein-kondensasjon. Phillips er òg professor i fysikk ved University of Maryland, College Park.