Sin-Itiro Tomonaga
Sin-Itiro Tomonaga (朝永 振一郎) | |||
| |||
Fødd | 31. mars 1906 Tokyo i Japan | ||
---|---|---|---|
Død | 8. juli 1979 (73 år) Tokyo i Japan | ||
Nasjonalitet | Japan, Keisarriket Japan | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | teoretisk fysikar, professor, fysikar, forskar | ||
Institusjonar | Tokyo University of Education Universitetet i Leipzig RIKEN Universitetet i Tokyo Institute for Advanced Study | ||
Alma mater | Kyoto Imperial University | ||
Kjend for | Kvanteelektrodynamikk | ||
Medlem | Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Det sovjetiske vitskapsakademiet Det japanske akademi Kungliga Vetenskapsakademien American Academy of Arts and Sciences Det russiske vitskapsakademiet Det bayerske vitskapsakademiet National Academy of Sciences |
Sin-Itiro Tomonaga (31. mars 1906–8. juli 1979) var ein japansk fysikar som hadde stor innverknad på utviklinga av kvantisering av partikkelfysikk. For sine mange kjende arbeid vart han saman med forskarane Richard Feynman og Julian Schwinger tildelt Nobelprisen i fysikk for 1965.
Etter endt skulegang i 1937 flytta han og byrja å arbeide i Leipzig der han mellom anna samarbeidde med forskergruppa til den kjende forskaren Werner Heisenberg. To år seinare returnerte han til Japan på grunn av utbrotet av den andre verdskrigen, men då hadde han gjort ferdig doktorgraden sin innan kjernefysikk som han hadde skrive avhandlinga si om medan han arbeidde i Leipzig.
I Japan vart han utnemnd til professor ved Tokyo University of Education (ein forløpar til det seinare Tsukuba University). Under krigen studerte han mellom anna magnetron, mesonteori, og «super-mange-time»-teori.
Etter at krigen var over vart han invitert av den amerikanske fysikaren Robert Oppenheimer til å arbeide ved Institute for Advanced Study ved Princeton Township.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sin-Itiro Tomonaga» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.