Hopp til innhald

Vilhelm II av England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vilhelm II Rufus

Konge av England
Periode10871100
Fødd1060
FødestadNormandie
Død2. august 1100 i New Forest
DødsstadNew Forest
MorMatilda av Flandern
FarVilhelm I av England
FøregangarVilhelm Erobraren
EtterfølgjarHenry Beauclerc

Vilhelm II av England (ca. 10562. august 1100), også kalla William Rufus ('Raude-Vilhelm', fransk Guillaume Le Roux) var son av Vilhelm Erobreren og Matilda av Flandern og konge av England frå 1087 til han døydde i 1100.

Vilhelm var den tredje sonen til Vilhelm Erobraren og Matilda av Flandern, og blei vald ut som tronarving i England etter at Richard, ein eldre bror, døydde. Dei andre brørne hans var hertug Robert II av Normandie og den seinare Henrik I av England.

Vilhelm fekk makt over Normandie og hadde noko innflytelse over Skottland, men hadde mindre suksess med å erobra Wales. Hovudministeren hans var Ranulf Flambard, som han gav den viktige stillinga biskop av Durham i 1099.

Vilhelm II gifta seg aldri og fekk ingen barn. Han døydde av ei pil i brystet under ein jakttur i New Forest.

Spire Denne historieartikkelen som har med England å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.