Tomsk oblast
Utsjånad
Tomsk oblast | |||
Тoмская oбласть | |||
oblast | |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Region | Vest-Sibir | ||
Del av | Den sibirske føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Tomsk | ||
Areal | 316 900 km² | ||
Folketal | 1 043 385 (2024) | ||
Språk | russisk | ||
Tidssone | UTC +6 | ||
Bilnummer | 70 | ||
Tomsk oblast 58°45′00″N 82°08′00″E / 58.75°N 82.133333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Tomsk Oblast |
Tomsk oblast[a] er eit oblast i Russland, i Sibir. I 2021 hadde det eit folketal på 1 070 339.
Tomsk oblast er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Hovudstaden i oblastet er Tomsk (Томск). Oblastet ligg søraust på den vestsibirske sletta, sørvest i Sibir føderale distrikt. Russisk verksemd i området starta for fullt på 1600-talet. Tomsk vart grunnlagd i 1604. Mestedelen av flatevidda på 316 900 km² er lite tilgjengeleg. Mykje av landskapet er taiga med skog og myr. Oblastet grensar til Krasnojarsk kraj og oblasta Tjumen, Omsk, Novosibirsk, og Kemerovo.
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane er:[1]
- Tomsk (Томск) (524 700 ibuarar)
- Seversk (Северск) (108 600)
- Strezjevoj (Стрежевой) (42 220)
- Asino (Асино) (25 620)
- Kolpasjevo (Колпашево) (24 120)
- Kedrovyj (Кедровый) (2451)
Dei største etniske gruppene er: [1]
- Russarar: 88,1 %
- Tatarar: 1,6 %
- Ukrainarar: 1,1 %
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010