Hopp til innhald

Spade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulike spadetypar.

Spade er ein landbruks- og anleggsreiskap som vert nytta for å grava i jord, sand, snø, osb. Ein spade er laga av ei krum stålplate med treskaft. Tidlegare var spaden ein viktig reiskap innan jordbruk og anleggsarbeid. Innan hagebruk og gartnerinæringa er det framleis i bruk. Mange nyttar òg spade i private hagar og anna småarbeid.