Samarra
Samarra | |||
سامَرّاء | |||
by | |||
Den spiralforma minareten til Den store moskeen i Samarra
| |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
guvernement | Saladin guvernement | ||
Areal | 150,58 km² | ||
Folketal | 348 700 (2003) | ||
Samarra 34°11′45″N 43°53′08″E / 34.1959°N 43.88568°E | |||
Wikimedia Commons: Samarra |
Samarra er ein by i Irak. Han ligg ved austbreidda av Tigris, 125 km nord for hovudstaden Bagdad, i Saladin guvernement. I 2003 var det estimert at byen hadde nesten 350 000 innbyggjarar.
På 800-talet blei Samarra hovudstad for Abbaside-kalifatet, og har framleis byplanen, arkitekturen og kunst frå denne tida.[1] Den store moskeen i byen, med den kjende spiralminareten, er eit døme på dette. I 2007 utropte UNESCO byen til verdsarvstad, og klassifiserte han samtidig som verdsarv i fare.
Tusenvis av pilegrimer reiser kvart år til Samarra for å vitja Al-Askaria, ein viktig moské innan sjiaislam. Moskeen blei bygd på 1600-talet, og inneheld gravstadene til den 10. og 11. sjiaimamen, Ali al-Hadi og Hasan al-Askari. Han blei utsett for eit øydeleggjande bombeåtak i februar 2006.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Samarra i oldtida
[endre | endre wikiteksten]Ruinane av det førshistoroiske Samarra vart først grave ut mellom 1911 og 1914 av den tyske arkeologen Ernst Herzfeld. Samarra vart ein typestad for Samarra-kulturen. Sidan 1946 har notatbøker, brev og upubliserte utgravingsrapportar og fotografi bevart i Freer Gallery of Art i Washington, DC.
Sivilsasjonen blømde i takt med Ubaid-perioden, som ein av die første bystatane i Det nære austen. Han varte frå kring 5 500 fvt. til han kollapsa kring 3 900 fvt.
Ein by kalla Sur-marrati (grunnlagd på ny av Sennacherib i 690 fvt. i følgje ein stele i Walters Art Museum) vert med uvisse rekna for å vere den assyriske festningsbyen Assyrian ved al-Huwaysh ved Tigris ovanfor den moderne Samarra. The State Archives of Assyria Online identifiserer Surimarrat som staden der Samarra ligg i dag.[3]
I oldtida vart Samarra på gresk kalla Souma (Ptolemaios V.19, Zosimus III, 30), på latinsk Sumere, som eit fort nemnt under tilbaketrekkinga til hæren til Julian i 363 evt. (Ammianus Marcellinus XXV, 6, 4), og på gammalsyrisk Sumra (Hoffmann, Auszüge, 188; Michael syraren, III, 88), som skildra staden som ein landsby.
Høvet for eit auka folketal oppstod då Qatul al-Kisrawi opna, den nordlege forlenginga av Nahrawankanale, som henta vatn frå Tigris i regionen ved Samarra. For å feire fullføringa av dette prosjektet, som vart utført frå Yaqut al-Hamawi til Khosrau I (531–578), vart det reist eit minnetårn (dagens Burj al-Qa'im) ved det sørlege innløpet sør for Samarra, og eit palass med eit «paradis» eller ein innmura jakthage ved det nordlege innløpet (dagens Nahr ar-Rasasi) nær ad-Dawr. Ein ekstra kanal, Qatul Abi al-Jund, vart grave ut av abbaside-kalifen Harun al-Rashid, og vart feira med å opprette ein byplan lagt ut i form av ein oktogon (dagens Husn al-Qadisiyya), kalla al-Mubarak og gjeve opp uferdig i 796.
Abbasidehovudstad
[endre | endre wikiteksten]I 836 evt. skipa abbaside-kalifen Al-Mu'tasim ein ny hovudstad ved breidda av Tigris. Her bygde han eit stort palasskompleks omgjeve av garnisonsbusetnader for vaktstyrken sin, som hovudsakleg var henta frå Sentral-Asia og Iran, i tillegg til andre, mellom anna frå Nord-Afrika. Sjølv om dei ofte vert kalla mamelukk-slavesoldatar, var statusen deira ganske høg.[4]
Byen vart vidare utvikla under kalif al-Mutawakkil, som betalte for bygginga av omfattande palass, som al-Mutawakkiliyya, og Den store moskeen i Samarra med den kjende spiralminareten, eller Malwiya, bygt i 847. For sonen sin al-Mu'tazz, bygde han det store palasset Bulkuwara.
Kalifen budde i Samarra fram til 892, då al-Mu'tadid til slutt vende attende til Bagdad. Byen forfall noko, men hadde sitt eige myntpregeri fram til tidleg på 900-talet.
Den nestorske patriarken Sargis (860–72) flytta patriarksetet til den austlege kyrkja frå Bagdad til Samarra, og ein eller to av etterfølgjarane hans kan ha sete i Samarra.[5]
Under den lange nedgangstida til abbasidane, vart Samarra i stor grad fråflytta frå og med 940. Folkesetnaden flytta attende til Bagdad og byen forfall raskt. Ruinfelta her er den einaste verdsmetropolen frå seinantikken som er tilgjengeleg for omfattande arkeologi.
Religiøs tyding
[endre | endre wikiteksten]Al-Askari-heilagdomen ligg i Samarra med mausoleet til imamane Ali al-Hadi og Hasan al-Askari, den tiande og ellevte sjia-imamane, i tillegg til at det er staden der Muhammad al-Mahdi, kjend som «den løynde imamen», gjekk inn i Okkultasjonen i trua på Tolvarane eller sjiaene. Dette har gjort staden til ein viktig pilegrimsstad for sjia-imamar. I tillegg er Hakimah og Narjis, to kvinnelege slektningar av Muhammed og imamane, gravlagde her. Det gjer moskeen til ein viktig, heilag stad.
Sunniar utfører òg pilegrimsreiser til desse stadane, men ser ikkje på det som obligatorisk.
Moderne tid
[endre | endre wikiteksten]På 1700-talet var ein av dei kraftigaste slaga i den osmansk-persiske krigen 1730-1735 utkjempa her i slaget ved Samarra. Over 5 000 tyrkarar og persarar mista livet. Slaget avgjorde lagnaden til osmansk Irak og det vart verande under osmansk kontroll fram til første verdskrigen.
På 1900-talet vart Samarra viktig då ein permanent innsjø, Thartharsjøen, vart skapt etter bygginga av Samarra-demninga, som vart bygt for å hindre stadig flaum i Bagdad. Mange lokale måtte flytte då dammen vart bygt og folketalet i Samarra auka.
Samarra er ein viktig by i Saladin guvernement, og ein del av det såkalla Sunni-triangelet der det var mange opprør under Irakkrigen.
Sjølv om Samarra er kjend for dei heilage sjia-stadane, har byen tradisjonelt og fram til nyare tid vore dominert av sunni-arabarar. Spaninga mellom sunniar og sjiaer auka under Irakkrigen. 22. februar 2006 var den gyldne kuppelen på al-Askari-moskeen bomba og det sette i gang ein periode med opprør og hemnåtak over heile landet, som kravde hundrevis av liv. Ingen organisasjonar har teke ansvaret for bombinga. 13. juni 2007 gjekk opprørarar igjen til åtak på moskeen og øydela to minaretar som stod på kvar side av ruinane av kuppelen.[6] 12. juli 2007 gjekk klokketårnet i lufta. Ingen mista livet. Sjia-leiaren Muqtada al-Sadr bad om fredlege demonstrasjonar og tre dagar med sorg.[7] Han sa han ikkje trudde det stod sunni-arabarar bak åtaka, men i følgje New York Times var angriparane truleg sunniar knytte til Al-Qaida.[8] Moskeområdet har vore stengd sidan bombinga i 2006.
Etter slutten på den irakiske borgarkrigen i 2007, har sjiafolkesetnaden i byen auka mykje. Men valdshandlinga har halde fram og det fann stad bombingar i 2011 og 2013. I juni 2014 vart byen angripen av Den islamske staten som ein del av offensiven deira inn i Nord-Irak. IS-styrkane tok over offentlege bygg og universitet, men vart seinare driven ut att.[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Samarra» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Unesco names World Heritage sites». BBC News. 28. juni 2007. Henta 28. februar 2021.
- ↑ Stanley A. Freed, Research Pitfalls as a Result of the Restoration of Museum Specimens, Annals of the New York Academy of Sciences, Volume 376, The Research Potential of Anthropological Museum Collections pages 229–245, December 1981.
- ↑ SAAO
- ↑ Babaie, Sussan (2004). Slaves of the Shah. New York: I.B.Tauris & Co Ltd. s. 4–5. ISBN 1 86064 721 9.
- ↑ Mari, 80–1 (arabisk), 71–2 (Latin)
- ↑ Thomas E. Ricks (6. januar 2010). The Gamble: General Petraeus and the American Military Adventure i Irak. Penguin Publishing Group. s. 228. ISBN 978-1-101-19206-1.
- ↑ «Explosion Topples Minarets At Iraqi Shi'ite Shrine». RadioFreeEurope/RadioLiberty. 13. juni 2007. Henta 28. februar 2021.
- ↑ John F. Burns; Jon Elsen (14. juni 2007). «Several Mosques Attacked, but Iraq Is Mostly Calm - New York Times». The New York Times. Henta 28. februar 2021.
- ↑ Hassan, Ghazwan (5. juni 2014). «Iraq dislodges insurgents from city of Samarra with airstrikes». Reuters. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 27. juni 2014.