Husmus
Utsjånad
Husmus | |
Husmus | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av husmus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Gnagarar Rodentia |
Familie: | Musefamilien Muridae |
Slekt: | Mus |
Underslekt: | Mus |
Art: | Husmus M. musculus |
Vitskapleg namn | |
Mus musculus |
Husmusa (Mus musculus) er ein gnagar som høyrer til musefamilien. Musene kan kjennast att på den mørkt gråbrune pelsen med gultonar på ryggen og sidene, smussgrå buk og gulgrå føter og tær, føtene er skittenbrune med kvite ytre tåledd. Halen til husmusa er om lag like mørk på undersida som på oversida, mens halen til skogsmusa er tydeleg lysare på undersida. Eit sikkert kjenneteikn hos husmusa er eit lite, men skarpt hakk på baksida av framtennene.
Den har ei kroppslengd på 8–9 cm, hale på 8–9 cm og ei vekt på 15–30 gram. Husmusa har ikkje veldig godt syn, men velutvikla høyrsle- og kjenslesansar.
Husmus kan haldast som kjæledyr og laboratoriedyr. Ho blir mykje brukt som modellorganisme.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Nomor.se Arkivert 2006-02-09 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Husmus