First Step av Faces
First Step Studioalbum av Faces | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mars 1970 | |
Innspelt | August 1969 til januar 1970 i De Lane Lea Studios i London | |
Sjanger | Bluesrock, hardrock, countryrock | |
Lengd | 47:13 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Faces | |
Faces-kronologi | ||
---|---|---|
First Step | Long Player (1971) | |
Singlar frå First Step | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | (C+) |
First Step var debutalbumet til den britiske gruppa Faces, gjeve ut tidleg i 1970. Albumet kom ut berre nokre få månader etter Faces hadde oppstått frå oska av Small Faces (der Ronnie Lane, Kenney Jones og Ian McLagan kom frå) og The Jeff Beck Group (der Rod Stewart og Ronnie Wood kom frå). I Nord-Amerika vart albumet utgjeve som Small Faces.[2] På plateomslaget kan ein sjå Ronnie Wood halde eit eksemplar av gitarlæreboka til Geoffrey Sisley, First Step: How to Play the Guitar Plectrum Style.
Den 28. august 2015 kom albumet ut på ny med ny digital lyd og bonusspor, inkludert to songar som ikkje var gjevne ut før, spelt inn kort tid etter albumet kom ut, «Behind the Sun» og «Mona the Blues».
Albumet vart spelt inn i De Lane Lea Studios i London kort tid etter gruppa offisielt var skipa (sjølv om bandmedlemmene hadde spelt i lag i forskjellige kombinasjonar sidan april 1969). Albumet nådde 119. plassen på Billboard-lista i USA då det kom.[3]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]All solovokal av Rod Stewart, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Wicked Messenger» | Bob Dylan | 4:05 |
2. | «Devotion» ((solovokal: Rod Stewart, Ronnie Lane) | Ronnie Lane | 4:54 |
3. | «Shake, Shudder, Shiver» (solovokal: Rod Stewart, Ronnie Lane) | Lane, Ronnie Wood | 3:14 |
4. | «Stone» (solovokal: Ronnie Lane) | Lane | 5:38 |
5. | «Around the Plynth» | 5:56 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Flying» | Lane, Stewart, Wood | 4:15 |
7. | «Pineapple and the Monkey» (instrumental) | Wood | 4:23 |
8. | «Nobody Knows» (solovokal: Rod Stewart, Ronnie Lane) | Lane, Wood | 4:05 |
9. | «Looking Out the Window» (instrumental) | Kenney Jones, Ian McLagan | 4:59 |
10. | «Three Button Hand Me Down» | McLagan, Stewart | 5:44 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
11. | «Behind The Sun» | Jones, Lane, McLagan, Stewart, Wood | |
12. | «Mona the Blues» (instrumental) | Lane, Wood | |
13. | «Shake, Shudder Shiver» (BBC Session - solovokal: Rod Stewart, Ronnie Lane) | Lane, Wood | |
14. | «Flying» (Take 3) | Lane, Stewart, Wood | |
15. | «Nobody Knows» (Take 2) |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Rod Stewart - solo- og korvokal, munnspel, banjo (spor 4)
- Ronnie Lane - bass-, rytme- og akustisk gitar, korvokal, solovokal (spor 4), co-solovokal (spor 2,3 & 8)
- Ronnie Wood - solo-, rytme- og akustisk gitar, andre bassgitar (spor 10), korvokal
- Ian McLagan - Hammondorgel, Wurlitzer elektrisk og akustisk piano, korvokal
- Kenney Jones - trommer og perkusjon
- Martin Birch - lydteknikar
- Faces - produsent
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «First Step (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. First Step av Faces på Allmusic. Henta 29. mai 2018.
- ↑ «Small Faces* – First Step». discogs.com. Henta 29. mai 2018.
- ↑ First Step av Faces på Allmusic. Henta 29. mai 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (The) First Step på Discogs (liste over utgjevingar)