Skandinaviske språk, eller fastlandsnordiske språk, er ei underinndeling av nordiske språk som omfattar norsk (bokmål og nynorsk), svensk (med finlandssvensk) og dansk. Dei andre nordiske språka (islandsk og færøysk) blir kalla øynordiske språk.
Dei nordiske språka har tradisjonelt vore inndelte i autnordiske og vestnordiske språk. Denne inndelinga er språkhistorisk motivert, mens gjensidig forståing er grunnlaget for inndelinga i skandinaviske og øynordiske språk: nordmenn, svenskar og danskar kan som regel snakke saman på sine eigne språk, men eit andrespråk må til for å kommunisere med islendingar og færøyingar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.