prefiks
Prefiks og telefonnummer
Ordet prefiks blir òg nytta om del av kode eller liknande som står framfor resten. For eksempel er 00 utanlandsprefikset når ein skal ringje til utlandet.
Prefiks i norsk grammatikk
Prefiks i tysk
Tysk brukar òg prefiks mest i avleiing, men prefikset ge- i perfektum partisipp ge-fund-en 'funne' er bøying. Mange av prefiksa vi finn i norske ord, er av tysk opphav, som an- i anfall, be- i bedekkje og ge- i geledd.
Prefiks i latin
Framandord frå gresk og latin inneheld mange prefiks. Her er nokre latinske eksempel:
- ab- 'av, bort' i absolutt
- ad- 'til, ved' i advokat
- de- 'bort, ned' i deduksjon
- in- 'inn, i' i integrere
- inter- 'mellom' i internasjonal
- per- 'gjennom' i perfekt
- pre- 'føre' i predikat
- re- 'igjen' i refleks.
Prefiks i swahili
Det finst mange språk som brukar prefiks mykje meir enn dei germanske språka. I swahili og andre bantuspråk skjer det meste av bøyinga med prefiks, som i swahili nakupenda 'eg elskar deg':
bøying | bøying | bøying | bøying | |
---|---|---|---|---|
prefiks | prefiks | prefiks | rot | suffiks |
n- | a- | ku- | pend | -a |
'eg' | PRESENS | 'deg' | 'elske' | INDIKATIV |
Les meir i Store norske leksikon
Universitetet i Oslo
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.