Potetgull eller chips er tynne skiver eller strimlar av rå poteter som er frityrsteikte i palmeolje, jordnøttolje eller ei anna vegetabilsk olje.
Faktaboks
- Også kjend som
-
chips, potetlauv (potetløv)
Poteter som skal frityrsteikast, må ha eit lågt sukkerinnhald for å unngå bruning ved maillardreaksjon slik at dei blir brende. I Noreg er det i hovudsak potetsorten Lady Claire, som inneheld relativt lite sukker, som blir brukt til potetgullproduksjon.
Frityrsteikte produkt inneheld mykje feitt og har eit høgt energiinnhald. Potetgull gir rundt 2250 kJ per 100 gram, det vil seia 10 gonger meir enn vanleg kokte poteter.
Kommentarar (6)
skreiv Sverre Olav Lundal
svarte Mari Paus
svarte Sverre Olav Lundal
svarte Mari Paus
skreiv Knut A. Rosvold
skreiv Sveinung Melvær Etterstøl
Bra artikel
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.