Hos oss blir mandlar først og fremst brukte i marsipan, konfekt, bakverk og dessertar som til dømes mjølkepuddingar med ris eller semule. I søte rettar passar smaken av mandlar godt saman med andre krydder, som safran, kanel, kardemomme og rosevatn. Men malne mandlar er også veleigna i sausar og gryterettar, både som smakstilsetning og tjukningsmiddel.
I Midtausten, Nord-India og Iran blir mandlar ofte brukt i middagsrettar. Dei malne mandlane blir gjerne rista i varmt feitt saman med krydder som muskat, spisskummen, kvitlauk og ingefær før dei blir tilsette i gryterettar og sausar. Også rista mandelflak eller hakka mandlar blir nytta og strødde over kylling- og kjøtrettar, fisk og biryani (risrett frå Iran og Nord-India), ofte i kombinasjon med rosiner eller tørka berberisbær.
Mandlar kan prosesserast til mandelsmør, på same måte som peanøttsmør, og til å produsere mandelmjølk som kan erstatte vanleg mjølk hos laktoseintolerante eller veganarar. Mandlar, både umodne, grøne og vanlege, kan også nytast rå eller rista som snacks.
Av mandlar blir det vunne ut olje som er ei viktig smakstilsetning i likørar, til dømes Amaretto.
Bitre mandlar inneheld noko blåsyre (cyanid) og er giftig i store mengder, men blir likevel brukt i næringsmiddelindustrien for å gi ein skarpare mandelsmak.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.