Imperfektum er i norsk grammatikk eit eldre namn på det som i moderne skulegrammatikk bli kalla preteritum, det vil seie verbformer som kjøpte, opna og drakk.
I tradisjonell latinsk grammatikk har termen ein annan bruksmåte.
Imperfektum er i norsk grammatikk eit eldre namn på det som i moderne skulegrammatikk bli kalla preteritum, det vil seie verbformer som kjøpte, opna og drakk.
I tradisjonell latinsk grammatikk har termen ein annan bruksmåte.
I tradisjonell latinsk grammatikk blei imperfektum nytta om bøyingsformer av verbet som uttrykkjer imperfektiv preteritum, det vil seie ei uavslutta handling i fortid. Jamfør forma colēbant 'tilbad' i denne setninga, som tyder 'romarane tilbad mange gudar':
Rōmānī | multōs | deōs | colēbant |
---|---|---|---|
romarane | mange | gudar | tilbad |
Latin har også ei anna fortidsform, som i tradisjonell grammatikk blir kalla perfektum. Denne forma uttrykkjer ei avslutta, fullført handling i fortid, det som i moderne grammatikk blir kalla perfektiv preteritum. Jamfør creāvit 'skapte' i denne setning, som tyder 'i opphavet skapte Gud himmelen og jorda':
In | principiō | creāvit | Deus | caelum | et | terram |
---|---|---|---|---|---|---|
i | opphavet | skapte | Gud | himmelen | og | jorda |
Terminologien frå latinsk grammatikk blei tilpassa til tysk og dei nordiske språka.
Termen imperfektum blei teken i bruk om den enkle fortidsforma kjøpte, forsvann, tilbad, skapte og så bortetter, som i dag blir kalla preteritum.
Termen perfektum blei derimot teken i bruk om former med hjelpeverba ha eller vere i presens, som i ho har kjøpt seg ny bil og han er forsvunnen. Dette kallar vi i dag presens perfektum.
I moderne grammatikk blir termen imperfektum blir nytta om finitte verbformer utan hjelpeverba ha eller vere, som vist i denne tabellen:
moderne grammatikk | tradisjonell tysk-nordisk grammatikk | former |
---|---|---|
presens imperfektum | presens | kjøper |
preteritum imperfektum | imperfektum | kjøpte |
presens perfektum | perfektum | har kjøpt |
preteritum perfektum | pluskvamperfektum | hadde kjøpt |
Det er likevel vanleg å utelate termen imperfektum frå namna på verbformene kjøper og kjøpte, som difor oftast går under namna presens og preteritum i staden for presens imperfektum og preteritum imperfektum.
Imperfektum og perfektum i moderne grammatikk utgjer ein grammatisk kategori som ikkje har eit veletablert namn. I ulike grammatikkar kan ein finne mellom anna desse namna:
Imperfektum-formene beskriv kva som skjer på eit særskilt tidspunkt. Perfektum-formene beskriv ein tilstand som er resultatet av ei tidlegare handling — eller, formulert på ein annan måte, dei beskriv noko som skjedde på eit tidlegare tidspunkt, men som framleis har relevans.
Skilnaden kan illustrerast med desse to setningane:
Setning 1 fortel om noko som skjedde på eit eller anna tidspunkt i fortida. Setning 2 fortel om ein tilstand i notida som er eit resultat av noko som skjedde i fortida.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.