Setninga ovanfor om hesten er ikkje eit fullgodt døme på bruk av halvemål. Det viser seg at halvemålet ofte heng saman med i kva grad dei aktuelle orda har trykk eller ikkje. Det er då slik at ord som tek til med vokal, får innsett ein h framfor vokalen når ordet får trykk og skal understrekast (døme øy blir høy). Når derimot eit ord byrjar med h (døme hest), fell denne lyden bort når det er dette ordet som får trykk og skal understrekast (hest blir est). Halvemålet har altså dobbelt sett av somme ord, ei form til vanleg bruk og ei anna form når ordet skal ha sterkt trykk. Dette prinsippet er elles velkjent nok i dialektene. Mange dialekter har to former av somme pronomen, ei form for sterkt trykk og ei for svakt trykk, jamfør døme frå austlandske dialekter: «ja, henne kjenner je godt», trykksterk pronomenform, hokjønn og «snart reiser a» (snart reiser ho) trykksvak pronomenform, hokjønn.
Den som har høyrt halvemål levande i bruk, vil ha lagt merke til at dette fenomenet kjem sterkast fram når folk er oppøste, når dei tek til å tala med store bokstavar. Også her kan halvemålet forklarst med trykkforholda i setninga. Ei setning som blir sagt på ein roleg og venleg måte, har ikkje bruk for halvemål, og lyder kanskje slik: «Du e kanskje so go at du gjere det?» Men blir same setninga sagt som ein ordre med trykk på første verbet, får me halvemål: «No he du so go at du gjere det! Eller so hut!» = «Nå er du så god at du gjer det! Eller så ut!»
Tallause er alle dei rispene og hermene som går på folkemunne for å gje døme på kor rart dette fenomenet halvemål er. Halvemål i litterær og religiøs tekst er som regel overdrive, og tidt konstruerte døme. Ein nordfjording som ville uttrykka seg noko høgtideleg, skal ha sagt: «o hægtestand, o hægtestand, du øyst lyksalig hest!» = «O ektestand, o ektestand, du høyst lykksalig est». Kjend er også dømet om mannen som i forsamlinga spurde om «hannj kunnje få hore (ordet ordet) lite grand». På ein gravstein på Borgund kyrkjegard skal denne innskrifta ha funnest: «Hinkje øppa du meir, og hinkje plukka du bloma på markjinje meir.»
Alv Muri fortel om ein mann som nytta halvemålet. Denne mannen var frå Haram, men budde på Åse. Han hadde lært seg ein regel som lydde slik: «De ‘kje å i Håse, men i Aram» = «Det er ikkje h i Åse men i Haram».
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.