Faktaboks

Tokke
Etymologi

truleg av norrønt þot, ‘brusing, tuting’.

Region
Telemark
Nedbørfelt
2370 km2
Kjelde
Totak
Munning
Dalen
Sideelvar

Vinjeåi, Dalåi

Vassdrag

Skiensvassdraget

Tokke er ei elv i Vest-Telemark, i Skiensvassdraget mellom innsjøane Totak og Bandak.

Tokkeutbygginga, som pågjekk i perioden 1959 til 1979, omfattar sju kraftstasjonar med samla effekt på 976 MW og gjennomsnittleg årsproduksjon på 4492 GWh. Kostnadene ved utbygginga var under 2,0 øre per kWh, som var lågt, sjølv etter kostnadsnivået i på den tida. Utbygginga tørrla mellom anna den staselege Hyllandsfossen ved Åmot i Vinje, med ei samla fallhøgd på 55 meter.

Kart

Tokke
Tokke
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg