Sjoa er ei tverrelv til Gudbrandsdalslågen i Vågå og Sel kommunar. Ho kjem frå Gjende (984 meter over havet), dannar øvre og nedre Sjodalsvatnet (953 og 940 meter over havet), renn mot nordaust gjennom Sjodalen, lenger nede mot aust og søraust gjennom Heidal og fell ut i Lågen ved Sjoa stasjon.
Nedre delen av Sjoa er mykje brukt til elvepadling og rafting. Den tronge kløfta Ridderspranget ligg i Sjoa, 6 kilometer sør for Randsverk. Langs Sjoa går det bilveg til Gjende og vidare over Valdresflye til Bygdin og Valdres (fylkesveg 257 og 51).
Sjoa er varig verna mot vassdragsutbygging.
Kommentarar (2)
skreiv Ole Magnus Aamodt
skreiv Georg Kjøll
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.