Faktaboks

Mary Elizabeth Braddon

M.E. Braddon

Fødd
4. oktober 1835, London, England
Død
4. februar 1915, London, England
Verke
Forfattar
Mary Elizabeth Maxwell, née Braddon
Av .

Mary Elizabeth Braddon var ein engelsk romanforfattar, og ein av dei største bestseljarane på slutten av 1800-talet. Ho blei også mykje lesen i Norge, både i omsette avisføljetongar og på engelsk.

Ho publiserte romanane sine under det kjønnsnøytrale forfattarnamnet 'M.E. Braddon'. Den mest kjente romanen var Lady Audley's Secret (1862), som også gjorde henne rik.

Bakgrunn som skodespelar

Braddon levde heile livet i eller nær London. Ho vaks opp i Soho i sentrum, og budde seinare i det meir fasjonable Richmond i utkanten av byen. Ho hadde bra privatutdanning, og familien likte ikkje at ho slo seg på teaterlivet. Før ho tok fatt på skrivinga for alvor hadde Braddon ei tidleg karriere som skodespelar på ymse teater-turnéar rundt i landet. Men ho greidde aldri heilt å slå igjennom på dei store London-scenene, og hadde mykje meir hell med skrive-karrieren, som slo til nesten med ein gong.

Sensasjonlitteratur?

Bokframside frå 1890.

Braddons bøker har gjerne fått merkelappen som 'sensasjonslitteratur', men Lady Audley's Secret er ikkje særleg oppsiktsvekkande i dag. Den handlar om bigami og ekteskapsproblem, og det gjer også den andre store bestseljaren, Aurora Floyd (1863).

Braddon bygde nok på eigne erfaringar. Då ho skreiv den første romanen var ho i starten av eit tretten år langt forhold med ein bigamist, tidsskrifteigaren John Maxwell. Først etter at den første kona hans døydde i 1874, kunne dei gifte seg. Livet hennar var difor sensasjonelt nok, og smitta kanskje over på bøkene.

Men ho skreiv også mykje anna fiksjon i meir spekulative og gotiske sjangrar, med til dømes spøkelseshistorier og andre overnaturlege fenomen, og desse fortener kanskje merkelappen sensasjonslitteratur. Ein annan del av forfattarskapen var historiske romanar.

Produktiv og rik

Braddon publiserte over 80 romanar i løpet av dei om lag femti åra ho var produktiv, mellom 1860 og 1910. Ho tente nok til å kjøpe seg eit flott hus i Richmond utanfor London, og forsørge seg sjølv og sin svært store familie. Ho og mannen fekk seks born saman, i tillegg til dei fem han hadde med den første kona. Braddon må ha hatt ein stor arbeidskapasitet for å handtere familieliv og forfattarskap.

Føljetongar og bøker

Romanen The Venetians

Frå starten skreiv Braddon romanane som føljetongar i litterære og populære tidsskrift, noko som gav henne ein stor lesarskare. Men dei blei også straks etter utgitt i bokform, og desse selde også i mange utgåver. Dei mest kjente titlane har stort sett vore i sal sidan.

Ho dreiv også sitt eige litterære tidsskrift, Belgravia, og redigerte dessutan bladet Temple Bar.

Teater og film

Heilt frå dei tidlege åra var Braddon sine forteljingar ettertrakta mellom teater-produsentane, og første scene-versjonen i 1863 kom alt året etter bokutgjeving. Seinare har ho vore dramatisert mange gonger, og det blei også laga tidlege kino-filmar av dei mest kjende bøkene.

Norske lesarar

Mary Elizabeth Braddon, cirka 1875.

Ser ein etter kva dei las i norske 1800-tals leseforeiningar, finn vi at M.E. Braddon er av dei mest leste engelske forfattarane, med over tjue titlar i katalogen til Kristiania Læseforening for kvinder i 1904, dei fleste på engelsk.

Men der kom også ei lang rad omsettingar til norsk i den tida ho sjølv var aktiv:

  • Doktorens Kone (utan år)
  • Rupert Godwin, eller Bankierens Hævn, romantisk Fortælling (cirka 1870-talet), omsett av Fr. Nanna Hoch, Christiania: H. Bosse.
  • Bankierens Hemmelighed (ca 1875), Christiania.
  • Noel Markby: eller Slægtningen fra Jamaika – Roman (ca 1875), Christiania.
  • Cyprian Davenant (1877), Kristiania: Aftenpostens Føljeton.
  • Lille Yafford (1878), Kristiania: Aftenpostens Føljeton.
  • Barbara (1880-81), Christiania: Aftenpostens Føljeton, to bind.
  • Udlændighed og Pilgrimsgang (1881-82), Christiania, to bind.
  • Lizzie (1884), Trondheim, to bind.
  • Brudte Baner: Roman (1884) Trondheim, tre bind.
  • Omflakkende Folk: Roman (1896), Christiania: Morgenposten.
  • To Brødre: Roman i to Dele (1901), Kristiania: Aftenposten.
  • Væv og Islætt (1902) Kragerø
  • Sin søsters hævner: fortælling (1903) Kristiania: Olsens Boghandel.
  • Onde magter (1906), 'Gratis tillæg til norsk familiejournal'.
  • Noras ungdomsdaarskab (1918), Horten: C. Andersens forlag.

Litteratur

  • Beller, Anne-Marie (2012) Mary Elizabeth Braddon: A Companion to The Mystery Fiction, Jefferson: Mc Farland.
  • Cox, Jessica (2012) New Perspectives on Mary Elizabeth Braddon, Amsterdam: Rodopi.
  • Gilbert, Pamela (2011) Mary Elizabeth Braddon, Oxford University Press.
  • Sørbø, Marie Nedregotten (2017), 'Elusive Women Authors in Norwegian Nineteenth-Century Reading Societies, NORA: Nordic Journal of Feminist and Gender Research, Vol. 25(4), 279-295.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg