Dei franske sørterritoria er eit fransk oversjøisk territorium i Indiahavet og Antarktis, som vart oppretta i 1955. Territoriet består av fleire subantartiske vulkanske øyar i den sørlege delen av Indiahavet, ei rekkje omstridde øyar kring Madagaskar og Adélie Land i Antarktis.
Faktaboks
- Offisielt namn
- Terres Australes et Antarctiques Françaises
- Norsk namn
- De franske sørterritorier (bokmål), Dei franske sørterritoria (nynorsk)
- Også kjend som
-
Engelsk French Southern and Antarctic Lands
- Hovudstad
- Saint Pierre, Réunion (administrativt sete)
- Statsform
- Fransk oversjøisk territorium
- Landareal
- 7 666 km²
- Innbyggjartal
- ingen fast busetnad, rundt 300 mellombels stasjonerte
- Offisielt/offisielle språk
- Fransk
- Valuta
- Euro
Geografi
Dei franske sørterritoria omfattar:
- Adelie Land (Terre Adélie), det franske kravet på ein sektor av Antarktis
- Crozetøyane (Îles Crozet), ei gruppe i sørlege Indiahavet, sør for Madagaskar
- Kerguelen (Archipel des Kerguelen), ei gruppe vulkanøyar i det sørlege Indiahavet, midt mellom Afrika, Antarktis, og Australia
- Amsterdam- og Saint-Paul-øyane (Îles Saint Paul et Amsterdam), ei gruppe nord for Kerguelen
- «Dei spreidde øyane i Indiahavet» (Îles Éparses), ei gruppe spreidde øyar rundt kysten av Madagaskar.
Frå 2007 inngår ein del mindre øyar i Mosambikkanalen, øyar nord og aust for Madagaskar, Dei spreidde øyane i Indiahavet (Bassas da India, Europaøya, Glorieusesøyene, Juan de Nova og Tromelinøya) som det femte distriktet i Dei franske sørterritoria. Madagaskar gjer krav på fire av øyane, Komorane gjer krav på Glorieusesøyene, og Mauritius gjer krav på Tromelinøya.
Frankrike gjer krav på 200 nautiske mil økonomisk sone rundt kvar av dei små øyane, som i stor grad overlappar med dei økonomiske sonene til nabostatane i området.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.