Þingvellir er den gamle islandske alltingsstaden ved Þingvallavatn, rundt 40 kilometer nordaust for Reykjavík. Området er eit oppsprukke lavafelt avgrensa av kløftene Almannagjá og Hrafnagjá. Gjennom området renn elva Öxará.
Þingvellir var frå 930 til 1798 møtestad for Alltinget (Alþingi), og her blei den sjølvstendige islandske republikken proklamert 17. juni 1944. Þingvellir fungerte også som domstol.
Området er nå nasjonalpark.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.