Zwickau
Zwickau | |
---|---|
Markedet i Zwiackau | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Sachsen Chemnitz Kreisfri by |
Grunnlagd | 600-talet |
Geografi | |
Flatevidd - By |
102,54 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
96 786 944/km² |
Koordinatar | 50°43′0″N 12°30′0″E / 50.71667°N 12.50000°E |
Høgd over havet | 241-444 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 08001-08066 |
Telefon-retningsnummer | 0375 |
Bilnummer | Z |
Heimeside: www.zwickau.de |
Zwickau er ein by i Tyskland i delstaten Sachsen med om lag 95 000 innbyggjarar. Byen ligg i ein dal ved foten av Erzgebirge, på venstresida av elva Zwickauer Mulde, 130 km sørvest for Dresden, sør for Leipzig og sørvest for Chemnitz.
History
[endre | endre wikiteksten]Området rundt Zwickau vart busett av slavarar på 600-talet. På 900-talet kom germanarar til området og dei innfødde slavarane vart kristna. Ein kjøpstad kalla «Zcwickaw» vart nemnd i 1118. Busetnaden fekk byrettar i 1212, og husa fransiskanarar og cistercianarar på 1200-talet. Zwickau var ein fri keisarby frå 1290 til 1323, men vart så gjeven bort til markgrevskapet Meissen. Sjølv om ein byrja med gruvedrift i området i 1316, auka gruveaktiviteten kraftig då ein oppdaga sølv i Schneeberg i 1470.
Anabaptistrørsla byrja i Zwickau 1525 med inspirasjon frå Zwickauprofetane. Under trettiårskrigen vart byen plyndra.
Komponisten Robert Schumann vart fødd i Zwickau i 1810 i eit hus som framleis står på marknadsplassen.
Under den andre verdskrigen styret regjeringa ein nazistisk konsentrasjonsleir i Zwickau. Etter at amerikanarane frigjorde byen i 1945 kom han under sovjetisk kontroll.
Frå 1949 til 1990 høyrte Zwickau til Aust-Tyskland og var eit sentrum for kolbryting.
I november 2004 vart trafikklysa med Ampelmannen byta ut med dei første trafikklyskvinnene, eller Ampelfrau, som første by i Tyskland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zwickau» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2007.