Westminster
Westminster | |||
bydel | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Westminster 51°29′58″N 0°08′00″W / 51.4995°N 0.1333°W | |||
Wikimedia Commons: Westminster |
Westminster er eit område i det sentrale London i England. Det utgjer kjernen i bydelen City of Westminster, og omfattar stader som Westminsterpalasset det Det britiske parlamentet er samla, Westminster Abbey og Westminsterkatedralen.
University of Westminster har tre av sine fire campusar innanfor Westminster.
Staden har vore eit sentrum i engelsk og seinare britisk politikk sidan Edvard Bekjennaren si tid. Han fekk reist eit kongeleg slott, Westminsterpalasset, omkring 1050. Dette vart teke over av Vilhelm Erobraren, og fortsette å vere ein av dei fremste kongelege residensane i lang tid. Etterkvart vart parlamentet etablert der, og namnet Westminster blir difor enno brukt synonymt med riket sitt folkevalde og politiske styresmakter, på same måte som Whitehall, som òg ligg i City of Westminster, refererer til departementa.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Westminster» frå Wikipedia på bokmål, den 13. august 2011.