Trålar
Utsjånad
Ein trålar er eit fiskefartøy bygd for å føre ein trål, eit sekkeforma nett som vert slept langs botnen eller i vatnet etter fartøyet.
Før motoralderen fanst segltrålarar som kunne operere på 55 til 75 meters djupn. Moderne fartøy trålar på ned til 1 000 meters djupn, men det er prøvd tråling på enda større djup. Trålarar varierer mykje i storleik; ein vanleg storleik er 2 000-3 000 tonn. Reketrålarar er mindre.
Trålaren er utstyrt med ein stor port (trålport) akterut, som trålen vert slept ut og halt inn gjennom. Fryseanlegg om bord tillèt trålarar å operere i opent hav i veker om gongen. Trålarar med fileteringsanlegg eller andre anlegg for foredling av fangsten om bord vert kalla fabrikktrålarar.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Ludvig Karlsen: Redskapslære og fangstteknologi ISBN 82-529-1791-7
- Karlsen, Gjøsæter, Hamre: Fiskeriteknolgi ISBN 82-529-2387-9
- Karlsen, Kjeldsberg, Sandnes, Hay, Juul (red.): Båten, bruket og fangsten ISBN 978-82-8090-020-3
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Wikipedia på bokmål.