Tonnes
Tonnes | |||
stad | |||
Utsikt over Breivika i Tonnes.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Lurøy | ||
Postnummer | 8750 TONNES | ||
Preposisjon | i Tonnes | ||
Ferdselsårer | 439, Nordlandsekspressen | ||
Tonnes 66°30′50″N 13°00′54″E / 66.513888888889°N 13.015°E |
Tonnes er ei bygd i Lurøy kommune i Nordland. Her bur litt under 100 innbyggjarar. Her finst dør- og vindaugsfabrikken Tonnes Snekkeri AS, restauranten Oscarbrygga, Tonnes Skipsekspedisjon, sonekontor for Rødøy-Lurøy kraftverk, gjestehamn og hamn for snøggbåt. Tonnes er ein av anløpsstadene til Nordlandsekspressen som pendlar mellom Bodø og Sandnessjøen. Torghatten Nord driv òg ei rute frå Tonnes og Vågaholmen ut til Myken. Det er korrespondanse mellom Nordlandsekspressen og denne. Ungane frå Tonnes går på Konsvik skole i Konsvikosen.
Av attraksjonar finst ei 180 meter lang grotte som heiter Tonnesgrotta ikkje langt frå Tonnes. Polarsirkelen går ikkje langt frå bygda, og er markert ved ein globe, Polarsirkelgloben, plassert på øya Vikingen rett utanfor Tonnes.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Tonnes.no[daud lenkje]
- Nettsidene til Oscarbrygga
- Nettsidene til Rødøy-Lurøy Kraftverk Arkivert 2012-09-15 ved Wayback Machine.
- Bokmålswikipedia om Tonnes.