To Daddy
To Daddy Singel av Emmylou Harris frå albumet Quarter Moon in a Ten Cent Town | ||
B-side |
«Tulsa Queen»[1] | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 3. desember 1977 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 2:46 | |
Selskap | Warner Bros. Nashville #8498 | |
Låtskrivar(ar) | Dolly Parton | |
Produsent | Brian Ahern | |
Emmylou Harris-kronologi | ||
«Making Believe» (1977) |
To Daddy | «Two More Bottles of Wine» (1977)
|
«To Daddy» er ein countrysong skriven av Dolly Parton. Han vart framført av Emmylou Harris i 1978 på albumet hennar Quarter Moon in a Ten Cent Town og gjeven ut på singel. Singelen nådde tredjeplassen på Billboard's Hot Country-lista og er i dag den mest kjende versjonen av songen.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]«To Daddy» er sagt å skildre smerta mora til Parton kjende då ho ignorerte dei stundom sidespranga til ektemannen og mangelen på kjærleik frå han.[2] Vidare fortel songen om korleis mora hennar prøvde å gjere det beste for familien og vere så god mor for barna som mogeleg, og at ho stod ved mannen sin i vanskelege tider. Songen vert fortalt ut frå synspunktet til ei tenåringsjente, og mora verker å ikkje bry seg om at mannen hennar ignorerer ho og er kald, og avslutta kvart vers med «if she did, she never did say so to Daddy». I motsetnad til foreldra til Parton, som vart verande i lag, forlet til slutt mora i songen familien sin.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]I 1979, kort tid etter at Emmylou Harris spelte inn songen, skildra magasinet Teenager songen som «ei slags O. Henry-novelle».[3] Billboard kalla songen «a fine interpretation».[4]
Harris si innspeling av songen kom òg ut på hyllestalbum Just Because I'm a Woman: Songs of Dolly Parton i 2003.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Parton si originalinnspeling av songen vart spelt inn i 1976, og var meint å kome ut på All I Can Do, men vart til slutt ikkje teken med her. Innspelinga hennar kom til slutt ut i 1995 på samlealbumet The Essential Dolly Parton One.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1977–1978) | Plassering |
---|---|
US Country Songs (Billboard)[5] | 3 |
US Bubbling Under Hot 100 Singles (Billboard)[6] | 2 |
Canadiske RPM Country Tracks[7] | 1 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «To Daddy» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 181. ISBN 978-0-89820-177-2.
- ↑ Melton Alonza McLaurin and Richard A. Peterson (1992). You wrote my life: lyrical themes in country music. Taylor & Francis. s. 103. ISBN 2-88124-554-4.
- ↑ Volume 10. Teenager. 1979. s. 111.
- ↑ «Single reviews». Billboard. 26. november 1977. Henta 19. oktober 2012.
- ↑ "Harris?f=357&g=Singles Emmylou Harris Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Emmylou Harris. Prometheus Global Media.
- ↑ "Emmylou Harris Chart History (Bubbling Under Hot 100)". Billboard.
- ↑ «RPM Country Tracks for 11. mars 1978». RPM. Henta 18. september 2010.