Hopp til innhald

Strumitsa

Koordinatar: 41°26′20″N 22°38′20″E / 41.43889°N 22.63889°E / 41.43889; 22.63889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For elva med same namn, sjå elva Strumitsa.
Strumitsa
Струмица
Gotse Deltsjev-torget i sentrum av Strumnitsa
Gotse Deltsjev-torget i sentrum av Strumnitsa
Gotse Deltsjev-torget i sentrum av Strumnitsa
Byvåpenet til Strumitsa
Byvåpenet til Strumitsa
Styresmakter
Land
Statistisk region
Nord-Makedonia
Søraust
Grunnlagd 1920
Geografi
Flatevidd 109,8 km²
Flatevidd
 - By

321,49 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2021)
   - folketettleik

49 995
  155,5/km²
Koordinatar 41°26′20″N 22°38′20″E / 41.43889°N 22.63889°E / 41.43889; 22.63889
Høgd over havet 203 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 2400
Telefon-retningsnummer +389 34
Bilnummer SR
Heimeside: strumica.gov.mk
Plassering
Plasseringa til Strumitsa i Nord-Makedonia
Plasseringa til Strumitsa i Nord-Makedonia
Plasseringa til Strumitsa i Nord-Makedonia

Strumitsa (makedonsk Струмица) er ein by og ein kommune i regionen Søraust i Nord-Makedonia, nær grensa til Bulgaria. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei tre tidlegare kommunane Strumitsa, Kuklisj og Murtino samt landsbyen Gabrovo frå Novo Selo. Samstundes vart landsbyen Monospitovo overført til Bosilovo.

Kommunen har eit areal på 321,49 km2. I 2021 hadde kommunen 49 995 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 33 825 innbyggjarar.[1] Om lag 90 % av innbyggjarane er makedonarar.

Byen er kalla opp etter elva Strumitsa som renn gjennom han.

Busetnader i kommunen

[endre | endre wikiteksten]

Dei største busetnadene i kommunen var:

Busetnad Folketal 2002[2] Folketal 2021[1]
Strumitsa 35 311 33 825
Bansko 1 992 2 414
Kuklisj 2 532 2 172
Murtino 2 209 1 740
Dabilje 1 946 1 647
Dobrejtsi 1 764 1 507
Prosenikovo 1 550 1 223
Banitsa 1 137 1 191
Kosturino 1 280 895
Veljusa 1 552 890

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.