Storrfamilien
Utsjånad
Storrfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Grasordenen Poales |
Familie: | Storrfamilien Cyperaceae Juss., 1789 |
Storrfamilien eller halvgrasfamilien (Cyperaceae) høyrer til einfrøbladingane. Dette er ei stor gruppe oftast fleirårige plantar med renneforma eller trådforma blad. Dei har trekanta eller rundt strå utan ledknutar. Slekta Cladium har innhole strå, dei andre slektene ikkje. Blomstrane samla i aks. Blomsterdekke vantar eller finst som hår eller børstar. Plantane har tre eller to mjølberarar og nøttefrukt. Nøtta har to eller tre kantar etter som det er to eller tre arr.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Svensk wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.